Twitterstorm etter Jackson-vedgåing
Artisten Sam Smith har fått mykje kritikk på Twitter etter at kameraten Adam Lambert la ut eit videoklipp frå ein båttur der Smith seier: «Eg likar ikkje Michael Jackson, men dette er ein fin song.» No er fleire Jackson-fans opprørte og ber artisten vise den avdøde pop-legenda respekt, melder NME.