Joaquin Phoenix som Batman-skurk
Filmselskapet Warner Bros har offentleggjort at Joaquin Phoenix skal spele Jokeren i ein ny film, melder The Hollywood Reporter. Innspelinga byrjar i september. I tillegg har skodespelaren Jared Leto ein eigen Joker-film under planlegging. Spørsmålet er om nokon kan slå Heath Ledger si banebrytande tolking av figuren, skriv Vice.