Netflix gjenskapte ikonisk foto
I samband med BET awards (Black Entertainment Television) stilte 47 Netflix-skodespelarar opp for å gjenskape det ikoniske fotografiet «A Great Day In Harlem». Fotografen Art Kane tok det opphavlege bildet av nokon av verdas fremste jazzmusikarar for Esquire magazine i 1958. Blant skodespelarane i Netflix-versjonen av bildet er blant anna Caleb McLaughlin frå Stranger Things. Han har også hovudrolla i videoen Netflix laga frå då fotografiet vart tatt.