Lanserer «miniskjørt» for menn
Då Prada lanserte vårkolleksjonen sin for 2019 i Milano i helga, kunne vi sjå menn spankulere ned catwalken med rekordkorte shortsar. Designaren Miuccia Prada skildrar dei nye shortsane som «miniskjørt for menn». Med den siste kolleksjonen ønskja ho å lage meir elegante og ungdommelege klede for menn, i motsetning til den posete sports- og gatemota som ho har sett seg lei av, melder WWD.