Lei av «trist gut»-stempel
James Blake har alltid vore kjent for å uttrykkje store kjensler, men no har artisten sett seg lei av å alltid bli stempla som ein «trist gut» kvar gong han snakkar om kjenslene sine. I helga posta han ein tweet der han tar eit oppgjer med det han skildrar som «eit usunt og problematisk uttrykk».