Elin Floberghagen, leiar i Norsk Journalistlag.
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix- Situasjonen er alvorleg, det seier leiar i Norsk Journalistlag (NJ), Elin Floberghagen, om media på Island, som det siste året har fått ein kraftig knekk.
I kjølvatnet av den økonomiske krisa har rundt eitt hundre journalistar mista jobben. Det tilsvarar over 20 prosent av yrkesaktive journalistar på sagaøya.
NJ har no teke initiativ til eit samarbeid med dei andre nordiske journalistforbunda for å sjå kva dei kan gjere for å hjelpe kollegene deira på Island.
Birgir Gudmundsson er lektor i journalistikk ved Universitetet i Akureyri. Han fryktar no for ytringsfridomen.
- Eg trur ytringsfridomen er truga på Island på grunn av den økonomiske krisa og fordi mediesystemet er svært sårbart økonomisk.
Pressa på Island får inga statleg økonomisk støtte slik den gjer her heime.
Kvaliteten forsvinn
Gudmundsson fortel at media på Island er avhengig av annonsemarknaden og svingingar i økonomien.
- No når det er nedgongstider merkar vi det i redaksjonane. Dei nedbemannar, og mange av dei mest erfarne journalistane er oppsagt. I staden tilsetjer dei billegare journalistar som har mindre erfaring. Det slår sjølvsagt ut på kvaliteten på journalistikken som vert produsert, sier han.
Journalistar på Island har ikkje same rettigheiter som norske arbeidstakarar. Her nyttar det lite at ein har jobba lenge ein stad og har lang ansiennitet.
- No er situasjonen at erfarne journalistar er stille. Ein får mistanke om at journalistar som legg fram ukomfortable ting får sparken av økonomiske grunnar, sier Gudmundsson.
Erfarne journalistar sparka
I slutten av september vart tidlegare statsminister og sentralbanksjef David Oddson tilsett som sjefredaktør i ei av dei største avisene på Island, Morgenbladet. Samtidig har kring 20 journalistar fått sparken i same avis - dei fleste av dei var erfarne og dreiv kritisk og undersøkjande journalistikk.
Thora Kristin Asgeirsdottir var ein av dei. Ho er leiar for journalistlaget på Island, og meiner aviseigarane ikkje har respekt for fagleg journalistikk.
- Journalistar med lang erfaring vert sparka fyrst av fleire grunnar. Nokon gongar for å spare lønn. På Island har vi inga rett til sakleg grunngjeving til oppseiing. Aviseigarane bestemmer det dei vil, utan forklaring, fortel ho.
Birgir Gudmundsson meiner utviklinga er farleg, og at journalistlaget må vere på vakt. Han seier det er vanskeleg å bevise at det er politiske årsaker som ligg til grunn for oppseiing av journalistar, men meiner at mistanken som er der, gjer at folk ikkje stolar på media.