- Vi betalar ikkje

Forretningsmodellen til nye Pirate Bay får ei iskald skulder frå internettleverandørane.

Hans Pandeya

Hans Pandeya i GGF vil at nettleverandørane skal betale for mindre belasting.

Foto: SCANPIX / REUTERS

Kilde: TT / nyhetskanalen.se

Tysdag vart det kjent at eit av verdas største fildelingsnettverk skal seljast til aktørar som vil drive ei lovleg nedlastingsteneste.

  • Les alt om The Pirate Bay her .

Forretningsmodellen til kjøparane, Global Gaming Factory X (GGF), legg opp til at både brukarar og rettigheitshavarar skal kunne tene på nedlasting , medan breibandsleverandørar skal betale for mindre belasting på nettet.

Men i dag seier internettleverandørane at løysinga til Hans Pandeya i GGF er heilt uaktuell.

- Heilt ute og syklar

- Ingen av oss kjem til å vere med å betale. Han er ute og syklar, heile ressonementet er bak fram, seier Jon Karlung, administrerande direktør for det svenske breibandsselskapet Bahnhof, til det svenske nyheitsbyrået TT.

Karlung seier at det er forfriskande at nokon tenkjer kommersielt kring fildeling, men han meiner pengane må renne inn frå andre kantar.

- Kan ein byggje ei teneste alle er nøgde med, og som partane får betalt for, så hurra for det. Men at nettoperatørane skal betale er feil tenkt.

Enkelte opnar for tanken

Storaktørar som Tele2 og Teliasonera vil ikkje kommentere GGF sin visjon før dei veit meir om forretningsplanen.

Men Georgi Garnev i Bredbandsbolaget opnar døra litt på gløtt for GGFs idè om at nettleverandørar kan betale for å få mindre belasting på sine linjer.

- Nettkapasitet kostar. Og vil ein bekjempe ulovleg fildeling, må det komme fram tilstrekkeleg gode, lovlege alternativ. Men korleis denne modellens logikk skal fungere, og korleis den kan vere lønsam for oss, er for tidleg å seie.