Hopp til innhold

- Vi behandla konkurrentane likt

Juryleiar i Munch/ Stenersen-konkurransen avviser skuldingane frå finalistane om at ho hadde bestemt seg på førehand.

Lambda

Helle Søholt var juryleiar då Lambda vart kåra til det nye Munch/Stenersenmuseet.

Foto: HAV Eiendom

- Høghuset Lambda blei valt fordi det er best, seier juryleiar i arkitektkonkurransen for det nye museet, Helle Søholt.

Arkitektane som hamna på andre og tredje plass meiner juryleiaren var for opptatt av dei opphavlege planane for korleis Bjørvika skulle sjå ut, og at ho difor hadde bestemt seg på førehand for kvar det nye museet burde ligge.

Har laga byplanen for Bjørvika

Helle Søholt

Juryleiar Helle søholt meiner alle konkurrentane vart behandla likt.

- Vi tok ikkje stilling og behandla alle forslaga som kom inn fullstendig likt, seier juryleiar Søholt.

Søholt har inngåande kunnskap om planane for Bjørvika. I 2004 vann ho arkitektkonkurransen om byromma i Bjørvika. Der teikna ho ferdselsårene frå byen ned til sjøen og hamnepromenaden. Søholt og hennar kontor Gehl arkitekter har også laga planane for områda rundt operaen.

Arkitekt Tanja Lie, som kom på andre plass i konkurransen, peikar på at Lambda ligg akkurat der det opphavleg var planlagt eit mindre kulturbygg.

- Det er nesten helt likt, seier Lie som trur Søholt hadde ein vanskeleg jobb.

Vanskeleg distanse

- Det har sikkert vore utfordrande å både hatt rolla som designar og vere juryleiar for ein konkurranse som kanskje skulle omdefinere heile området, meiner ho.

Ho trur det er umuleg å distansere seg heilt frå eigne teikningar.

- Ein blir jo alltid glad i det ein teiknar. Då kan det vere vanskeleg å ta ein heilt ny ståstad etterpå, trur Lie.

Men det problemet ser ikkje Søholt.

- Ein kan vere glad for at Lambda passar til reguleringsplanen, men det er tilfeldig, seier ho.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober