Hopp til innhold

- Taper milliardar på fildeling

Komponistane Geir Bøhren og Bent Åserud meiner dei politiske partia ikkje tør ta opp kampen mot piratnedlasting av musikk i frykt for å tape stemmer blant unge veljarar.

Illustrasjonsbilde: Fildeling
Foto: Colourbox.no

I ein kronikk i Aftenposten i dag kritiserer dei politikarane for å ikkje bry seg.

Trass i dommen i Pirate Bay-saka, er det få hinder på vegen til nettstader for ulovleg fildeling.

I juni saksøkte Tono og fleire andre opphavsrettorganisasjonar Telenor. Dei hadde sett seg lei på at teleselskapet ikkje gjorde noko for å blokkere tilgang til nettstader som driv med ulovleg fildeling.

Geir Bøhren og Bent Åserud har saman komponert musikk til nærare 30 skandinaviske spillefilmar og ei rekkje TV-seriar. De to komponistane kritiserer politikarane for å ikkje ta noko standpunkt, og meiner Regjeringa bør gripe inn overfor teleselskapa.

Berre éin dom

Hundrevis av tilfelle av ulovleg fildeling vert melde til politiet, men likevel har ikkje domstolane i Noreg klart å få meir enn éin rettskraftig dom mot ulovlege fildelarar.

Musikkbransjen har anslått at dei taper ca 220 mill på ulovleg fildeling. Men Bøhren og Åserud meiner at det er eit konservativt anslag, og at musikk- og filmbransjen samla sett truleg taper fleire milliardar i året.

- I Noreg vert det lasta ned ein milliard verk i året. Det vert åtte milliardar, dersom ein tek utgangspunkt i at ein song kostar åtte kroner som hjå iTunes, seier Bent Åserud.

- Må følgje opphavsrettlova

- Venstre og SV kan ikkje berre bestemme seg over natta for at dette skal vere lovleg. Opphavsrettlova er knytt til internasjonale avtalar, seier komponist Bent Åserud.

- Det Bent Åserud seier er feil. SV har ikkje gått inn for å tillate fildeling. Vi vert tillagt feil meiningar, seier nestleiar i SV, Audun Lysbakken.

Audun Lysbakken

Nestleiar i SV, Audun Lysbakken meiner ein må ta ei brei utgreiing av fildeling og opphavsrett.

Foto: SV

Lysbakken meiner at utgangspunktet for debatten er problemstillinga med skjeringspunktet mellom omsynet til åndsverklova, som sikrar kunstnarane kompensasjon, og den teknologiske utvikling som gjer at det har vorte lettare å laste ned på ein ulovleg måte.

- Spørsmålet er korleis ein skal klare å kompensere kunstnarane på ein måte som ikkje fører til alvorlege overtramp av personvernet når det gjeld overvaking av nettet, og som ikkje fører til at staten skal gå inn og definere kva sider som skal vere tilgjengelege.

- Teleselskapa må gjere noko

- SV er raske med å hyle om overvaking og personvern, noko som tydelegvis gjeld alle andre opphavsretteigarane. Det er ikkje snakk om å overvake, det finst teknikk som kan telje kvart einaste verk som vert lasta ned, seier Åserud.

Åserud meiner at teleselskapa må kome på banen og vise at dei er interesserte i å finne gode løysingar.

- Dei sit i ein krok og latar som dei ikkje gjer noko, men dei formidlar faktisk verk verna av opphavsretten. Og det har dei ingen rett til å gjere, seier Åserud.

Lysbakken tykkjer det er viktig å kome fildeling til livs, men ynskjer ikkje at staten skal definere kva nettsider som skal vere opne. Han deler Åserud si uro, men er usikker på kva løysinga er.

- Vi meiner at ein må gjere noko med det, viss ikkje kjem mange kunstnarar til å miste levebrødet sitt. Men kompensasjonen må ikkje gå på bekostning av personvern og nettnøytralitet. Vi har ikkje sagt at vi har svaret på det, men vi har i partiprogrammet gått inn for ei brei utgreiing av ulike løysingar. Vi vil gjerne ta debatten, seier Audun Lysbakken.

- No finst det så mange lovlege løysingar, som Spotify og last.fm. Politikarane må gå ut å seie at fildeling er ulovleg. Hittil er det berre Olemic Thommesen i Høgre som har gjort det, seier Komponist Bent Åserud.

  • Bør alle politiske parti ta eit standpunkt til fildeling? Sei di meining her!

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober