NRK Meny
Normal

- Aviser skapte frykt

Norske aviser har snakka styresmaktene etter munnen og skremt folk med si dekning av fugleinfluensaen, hevdar forskar i ein rapport.

Vaksinering mot svineinfluensa i Verdal.

Vaksinering mot svineinfluensa i Verdal.

Foto: Frank Almås / NRK

Norske aviser har ikkje vore kritiske nok i dekninga av svineinfluensaen. Det slår førsteamanuensis i journalistikk Harald Hornmoen fast i ein rapport.

Hornmoen, som arbeider ved Høgskolen i Oslo, meiner informasjonen frå helsestyresmaktene har fått dominere i mediedekninga, og at norske aviser har medverka til å skremme lesarane unødig.

— Ein har ikkje hatt nok kritiske perspektiv på informasjonen frå styresmaktene. Ein har heller ikkje sleppt til publikum, lekfolk og risikogrupper, i den grad eg synest ein bør, for å oppnå ein god dialogisk kommunikasjon, seier Hornmoen.

Ukritisk fryktretorikk

Harald Hornmoen har sett på korleis VG, Dagbladet, Aftenposten og Stavanger Aftenblad har dekt svineinfluensaen.

— Også har ein forsterka ein fryktretorikk og ein alarmistisk bodskap. Eg synest i alle fall at både laussalstabloidane , Dagbladet og VG, og til ein viss grad Aftenposten, har vore flinke til å dyrke fram ein ganske skremmande retorikk, meiner Hornmoen.

Norske helsestyresmakter gjekk tidleg ut og skisserte 13.000 døde som det verst tenkjelege scenarioet. Verdas helseorganisasjon (WHO) proklamerte at influensaen var ute av kontroll. Dette skapte overskrifter i Norge. For nokre år siden førte fugleinfluensaen til store overskrifter, utan at det vart den epidemien folk trudde.

— Det er viktig at journalistikken vågar å vere kritisk og korrigerande og skaper ein dialog, og ikkje driv med monologisk, einvegsretta informasjon til eit folk ein trur er sløve og ikkje tenkjer sjølv, synest Hornmoen.

VG nøgd med dekninga si

Bernt Olufsen, ansvarlig redaktør i VG.

Ansvarleg redaktør i VG, Bernt Olufsen meiner dei har gjeve ei balansert framstilling.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Ansvarleg redaktør i VG, Bernt Olufsen, er ikkje samd i at VG-artiklene om svineinfluensaen har vore ubalanserte. Han er oppteken av å evaluere deira eiga dekning, og meiner VG har lukkast med ei brei og balansert framstilling.

— Det er ikkje eit skremmebilete vi har skapt, det er eit biletet av røynda slik mange opplevde det, seier Olufsen.

Olufsen meiner det er for tidleg å seie noko om mediedekninga har vore kritisk nok eller ikkje.

— Fordi dette er ei sak som er i stadig utvikling. Det vert stadig avdekt nye sider både ved influensafenomenet, vaksinasjonsprogrammet og helsestyresmaktene si handtering.

Ros til Stavanger Aftenblad

I analysen sin skriv Hornmoen at alle dei fire avisene så og seie er blotta for kritisk journalistikk. Likevel får Stavanger Aftenblad ros for å late vanlege folk kome til orde.

Redaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland seier avisa heile tida har vore opptekne av ei balansert dekning.

— Målet var å gje eit reelt og realistisk bilete av trusselen svineinfluensaen var. Og ikkje kaste oss på karusellen med å lage mest mogleg dramatiske oppslag, seier Tom Hetland.

Likevel er hovudinntrykket til Hornmoen at nyhendedekninga har vore kritikklaus. Men aviskommentatorane har hatt ein heilt annan funksjon.

— Kommentarane set pandemien inn i ein samanheng. Dei ser svineinfluensaen i forhold til fugleinfluensaen. Og dei seier at vi kjem til å oppleve at avisene blæs dette opp, seier Hornmoen.

Overskriftene i Mexico onsdag 29.april 2009

Avisene har skremt lesarane meiner Harald Hornmoen. Her avisoverskriftene i Mexico 29. april 2009.

Foto: Brennan Linsley / AP