Hopp til innhold

Fryktar sjølvmord

Deltakarar i Paradise Hotel opplever vold, forfølging og trugslar frå publikum. Sannsynet for sjølvmord er stort, seier psykolog.

Deltakere i Paradise Hotel
Foto: TV3

No går ein tidlegare gjest på reality-hotellet ut og åtvarar om produsentar ho meiner ikkje bryr seg om liva til deltakarane etter innspelingsslutt.

- Eg trur ikkje TV3 og Mastiff vil deltakarane sitt eige beste, då ville dei aldri gjort dette, seier Ida Gran.

Ida Gran var ein av deltakarane på fjorårets utgåve av Paradise Hotel. Ein TV3-realityserie der unge menneske kjempar om å få vere lengst på eit luksushotell, først og fremst ved å finne ein partner som vil dele hotellrom med dei.

Lite oppfølging

Tonen i «Paradise Hotel» er til tider tøff. Men det er ingenting i forhold til det nokre av deltakarane har fått oppleve frå publikum etter at dei kom heim frå innspelinga. NRK har kjenner til to fysiske angrep, forfølging, trugslar og hets.

Ida Gran synest ikkje at produsenten Mastiff og TV3 har vore flinke nok til å ta vare på deltakarane.

- Det einaste vi fekk tilbod om var å få ein psykolog. Det valde eg å ikkje benytte meg av. Elles har vi ikkje høyrt noko frå dei i det heile teke. Eg er litt småskuffa over det, seier Gran.

- Kunne du ha trengt meir oppfølging?

- Eg trur alle treng støtte under det presset ein opplever. Det er veldig mykje press, frå alle, det er trass alt heile Noreg som kjem med meiningane sine.

Fysiske overfall

En av deltakerne i årets utgave av Paradise Hotel er Cathrine Tinnestad. Hun fikk hjernerystelse etter å ha blitt slått ned av en mann i Oslo i mars.

- Eg føler ikkje at dei har førebudd oss så godt på denne tida. Men hadde vi spurt om korleis det kom til å verte hadde vi vel kanskje fått eit svar, men eg hadde inga aning, seier Cathrine Tinnestad.

Ein av stadene der meiningene om deltakarane florerer er på Facebook. På ei av mange hatsider for deltakarane finn ein mange krasse ytringar.

JÆVLA ROTTE! Hun er den største tapern på norsk jord. Flaks for Norge at det er aske i lufta, nå kan alle gå løs på henne uten at hun kan flykte!!

Facebook-brukar / Facebook


- Kan gå gale

Fleire tusen har meldt seg inn i slike hatgrupper på nettet. Psykolog John Petter Fagerhaug meiner TV3 bør bruke meir pengar på oppfølginga av deltakarane.

- Ja, det er litt farleg å seie det, men eg har sagt det før; ein ser internasjonalt at ein har hatt sjølvmord, ein del sterke, sterke reaksjonar. Sannsynet for at det kan skje i Noreg er stor. Det er klart at di lenger ned ein søkk i etterkant, di større er sjansen for at det kan gå gale, seier Fagerhaug.

Avviser dårleg oppfølging

Fleire av deltakarane Kulturnytt har vore i kontakt med seier at Paradise Hotel har endra livet deira i negativ retning. Eit par av deltakarane fortel at de ikke lenger tør å gå ut alene.

Arne Thoresen

Produsent Arne Thoresen meiner deltakarane får god nok hjelp frå Mastiff.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Likevel hevdar Arne Thoresen, prosjektleiar Mastiff som produserer serien, at deltakarane vert godt nok førebudde på all merksemda serien fører med seg.

- Vi synest vi gjer ei veldig stor kvalitetssikring av deltakarane både før, under og etter produksjon.

- Når fleire av deltakarane ikkje tør å gå utanfor huset åleine – kan det då vere noko som ikkje har vorte gjort godt nok?

- Slik er det med mange. Slik er det med desse også. Tidvis slit dei med å gå ut av døra fordi dei ikkje vil verte kjent att denne dagen, men neste dag elskar dei merksemda. Ingen av deltakarane i årets Paradise Hotel har uttalt at dei konstant slit med å gå ut av huset fordi dei er redde for å verte kjent att.

Ida Gran har hatt ei tøff tid etter Paradise Hotel-deltakinga i fjor, og ho fryktar at produsentane er opptekne av noko heilt anna enn deltakarane sitt beste.

- Eg lurer rett og slett på om dei er så egoistiske at dei er villige til å øydeleggje livet til andre folk for å tene ein haug med pengar på TV3, seier Ida Gran.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober