Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse reagerer sterkt på pengebruken.
- Dette er svært kritikkverdig, og nesten på grensa til sløsing med offentlige midlar. Det skal ikkje være naudsynt å bruke ein kvart million på reiser, middagar og dyr vin for at styret skal gjere jobben sin.
- Feil bilete
Rektor Nina Malterud meiner media si vinkling gir eit feil bilete av arbeidet som er gjort.
- Vi kan ikkje ha eit styre som berre fungerer som kontrollorgan og ikkje har innsikt i verksemda som blir styrt. Departementet oppfordrar til å ta styret alvorleg som eit strategisk organ, og ikkje berre bruke det som eit revisjonsbyrå. Vi har representantar som ikkje har innsikt i kunst- og designarbeid frå før, så dette har vore ein måte for oss å skape ei felles referanseramme med internasjonalt perspektiv.
Mellom døma Bergens Tidende trekk frem er to flybillettar som til saman kosta 23.800 kroner, og ein middag for 19 personar på restaurant med Michelen-stjerne.
Fagleg innhald
Malterud meiner dette er vel anvendte midlar, og at turane også har hatt eit fagleg innhald.
- Vi har hatt tema på kvar tur. Det har handla om besøk på institusjonar, kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking. Eg forstår at nokon kan reagere, men ein må bryte tala ned til sitt rette format. Dette er ikkje store kostnadar for eit ekstremt godt styre.
Lerø ser ikkje vekk frå at styret har gjort ein god jobb, men meiner slik pengebruk ikkje høyrer heime i det offentlige.
- Her har dei gått langt bort frå gjeldande satsar og eg forstår at det kjem reaksjonar. No bør dei ta kritikk og skjerpe seg, seier Lerø.