Fryktar for redaktøransvaret på nett

Lagmannsretten konkluderte med at bloggytringane til Eivind Berge ikkje er offentlege og straffbare.

– Dette kan bety ein formell spiker i kista for redaktøransvaret på nett, meiner ekspertar.

Eivind Berge

Bloggar Eivind Berge vart frifunne i lagmannsretten. Dei hevda at ytringane hans ikkje var offentlege - fordi dei var på Internett og ikkje i trykt skrift.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Den antifeministiske bloggaren Eivind Berge skreiv om drap på politifolk. Men ifølgje ei rettsavgjerd i Gulating lagmannsrett er ikkje ytringar på Internett å rekne som offentlege ytringar, og dermed ikkje straffbare.

LES: Har pågrepet antifeministisk blogger for oppfordring til politidrap

Professor i rettsinformatikk, Jon Bing, meiner at rettsavgjerda kan få stor betydning, også utover det folk kan skrive på bloggane sine. Avgjerda kan få konsekvensar for heile redaktøransvaret på Internett, hevdar han.

Ikkje offentleg fordi det ikkje er «trykt skrift»

Jon Bing

Jon Bing fryktar for redaktøransvaret på nett.

Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje / Scanpix

– Retten tar først og fremst stilling til om ytringane på bloggen er offentlege. For å gjere det, må dei gå til ein paragraf i Straffelova, seier Bing.

Paragrafen han siktar til legg til grunn at ei offentleg ytring må vere i trykt skrift.

– Trykt skrift er definert ved å vise til tradisjonelle metodar for spreiing av materiale, som ved trykk og liknande. Retten seier at ein påstand som er ytra på Internett ikkje er spreidd på ein slik måte, forklarar Jon Bing.

Lagmannsretten konkluderte med at Internett ikkje kan reknast som trykt skrift.

LES: Avgjerda frå Gulating lagmannsrett

– Redaktøransvaret er, i sin kjerne, eit strafferettsleg ansvar, med eit eige kapittel i Straffelova. Det heng saman med om det er trykt skrift eller ikkje. Om dette synet blir ståande, at Internett og bloggar ikkje er trykt skrift, så forsvinn redaktøransvaret på nett, meiner Bing.

– Kan ikkje vise til redaktøransvar

Professoren er sjølv av den oppfatninga at Internett kan og bør bli sett på som trykt skrift i Straffelova.

– Ein kan argumentere for at Internett som heilskap eigentleg også er eit stort fjernkopieringssystem. Det vil seie at dersom du lastar noko opp på Internett, så må du rekne med at det blir skrive ut. Og dermed får du ei eksemplarframstilling som gjer at du kan hevde at det er trykt skrift.

LES: Fått 1400 tips om ekstreme ytringer

– Konsekvensane blir at ein ikkje kan vise til det objektive redaktøransvaret viss det skjer ei ærekrenking eller liknande på ei ytring som står i ei nettavis, seier Jon Bing.

Straffelova endra for sju år sidan - men gjeld ikkje

Nils E. Øy

Nils E. Øy frå Norsk Redaktørforening anbefalte ei medienøytral haldning i den nye Straffelova.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Straffelova som vart vedtatt for sju år sidan ville gjort slike ytringar straffbare og

offentlege, men er ikkje sett i verk.

Straffelova av 2005 vart behandla av Regjering og Stortinget og vedtatt i Odelstinget og Lagtinget. I denne lova vart paragrafen om offentlege ytringar endra, slik at den også skulle gjelde ytringar på nett. Sju år seinare er lova enno ikkje tredd i kraft.

Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening er bekymra for konsekvensane.

– Redaktørforeninga var med og anbefalte medienøytralitet til utvalet som utreda konvergens i media og ytringsfridomskommisjonen, seier han.

– Føler du at lovgivarane ligg litt bakpå her?

– Ja, dei gjer det, fordi stortingsrepresentantar frå ulike parti har vore einige med oss i fleire år, men dei har enno ikkje klart å gjere noko med det, svarar Øy.

Justisdepartementet vil ikkje kommentere saka, men opplyser at ei ny straffelov krev nye datasystem. Arbeidet med å få på plass nytt system er godt i gang, men er tid- og kostnadskrevjande.

– Bør ha same redaktøransvar på nett

Redaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, er einig i at redaktøransvaret også bør gjelde på Internett.

– Det bør vere same redaktøransvar på Internett som på andre medier, seier Stavrum.

–I Noreg er vi vant til at redaktørar og redaksjonar tar ansvar og følgjer Straffelovas grenser når det gjeld injurier og liknande. Og at vi tenkjer oss om før vi publiserer ytringar som er negative og skadelege for menneske, seier han.

LES OGSÅ: Kallar Berge-dekninga eit sirkus

NRK har vore i kontakt med Gulating lagmannsrett, som ikkje ønskjer å kommentere rettsavgjerda.

Politiet har anka avgjerda knytt til Eivind Berge og no blir det opp til Høgsterett å avgjere om ytringane hans på Internett er offentlege.

Under trykt Skrift henregnes Skrift, Afbildning eller lignede, der mangfoldiggjøres ved Trykken eller på anden kemisk eller mekanisk Maade.

Straffelova § 10

En Handling ansees forøvet offentlig, naar den er forøvet ved Udgivelse af trykt Skrift eller i Overvær af et større Antal Personer eller under saadanne Omstændigheder, at den let kunde iagttages fra et offentligt Sted og er iagttaget af nogen der eller i Nærheden værende.

Straffelova § 7 andre ledd

En handling er offentlig når den er foretatt i nærvær av et større antall personer, eller når den lett kunne iakttas og er iakttatt fra et offentlig sted. Består handlingen i fremsettelse av et budskap, er den også offentlig når budskapet er fremsatt på en måte som gjør det egnet til å nå et større antall personer.

Straffelova 2005 § 10

Kulturstrøm

  • Slik blir Melodi Grand Prix 2022

    Det blir flere endringer i neste års Melodi Grand Prix. Men nivået er høyere enn noen gang, ifølge MGP-general Stig Karlsen. 10. januar skal alle artistene offentliggjøres og alle låtene slippes til publikum. Showet går av stabelen med første delfinale 15. januar.

  • Stephen Sondheim er død (91)

    Låtskriver, tekstforfatter og komponist Stephen Sondheim er død, melder advokaten hans til The New York Times. Sondheim ble 91 år gammel. Han er kjent for musikaler som «West Side Story «og «Sweeney Todd».

  • Astrid S med plagiatanklage

    Manageren til Astris S, Gilbert Lunde, skriver på Twitter at de er i kontakt med teamet til French Montana, etter at de anklaget ham for plagiat. Manageren skriver: «Jeg kan bekrefte at dette ikke har blitt klarert i forkant, men at vi nå er i kontakt med teamet til French Montana for å finne ut hva som har skjedd, og for å få riktige avtaler på plass».