Ingebrigt Steen-Jensen meiner reklamekollega Paal Tarjei Aasheim bommar på ope mål når han i dag går ut og seier at han ville velje urdu framfor nynorsk i reklame, og at nynorsk er ubrukeleg som reklamespråk. Aasheim lever i fortida, sier Steen-Jensen.
- Eg trur Paal har prøvd å vere slagkraftig og morosam, og det er han ofte, men ikkje denne gongen. Eg meiner han ligg nokre år etter si tid, seier Steen-Jensen.
Heve status
Paal Tarjei Aasheim så tirsdag at han heller ville bruke urdu enn nynorsk i reklame. Å bruke nynorsk har han ikkje eingong tenkt på, seier den profilerte reklameguruen og fjernsynsmannen.
- Nei, det har aldri vore på dagsorden. Så det har vi ikkje tenkt særlig over, seier han.
Aasheim meiner at nynorsk verkar ekskluderande. Ingebrigt Steen-Jensen i reklamebyrået Dinamo er ikkje vidare imponert over konklusjonane til Aasheim i denne saka. Steen-Jensen meiner riksmedia bidrar til å heve statusen til den nynorske målfoma.
- Det er nok nokre generasjoner som har eit problematisk forhold til nynorsk. Men den "nye" generasjonen opplever nynorsk på ein annan måte. Så ein stor motvilje mot å lese nynorsk trur eg ikkje finst, og hvis det er slik bør til og med reklamebransjen, i den grad det er mogleg, bidra til å gjera noko med det, sier han.
Positive
Lerum satsa i fjor 2,5 millionar kroner på ein reklamefilm -på nynorsk.
Konserndirektør og saftprodusent Kåre Lerum satsa i fjor 2,5 millionar kroner på ein reklamefilm -på nynorsk. Han vil ikkje automatisk hevde at dette er årsaka til at Lerum var einaste produsent med ei positiv marknadsutvikling i fjor, men den heimlege målforma har i alle fall ikkje bremsa utviklinga. Lerum meiner nynorsk som reklamespråk rett og slett er meir truverdig.
- Vi har fått ein del positive tilbakemeldingar, men ingen negative, seier han.
Kulturnytt, NRK P2, tirsdag 25. februar 2003