Førre måndag la Sami radio om internettsidene sine, og presenterar no nyheitssakene sine berre på norsk.
Vil inkludere alle
Bortsett frå korte daglege nyheitssendingar på norsk er samisk det språket som blir brukt i NRK Sami Radio. Men sist veke lanserte Samiradiosjef Nils Johan Hætta nye nettsider, der alle nyheitsartiklane er skrivne på norsk.
- Vi syntes det var på tide å gje eit tilbod til dei samane som ikkje snakkar samisk, og å vere ein port for majoritetsbefolkninga i det samiske samfunnet.
- Avgjerande for samisk språk
Tidlegare sametingspresident og professor i samisk, Ole Henrik Magga, er av ei anna oppfatting. Folk treng å lese samisk, meiner han.
- Det er veldig avgjerande, fordi det finst så få skriftlege tilbod på samisk. Vi har to samiskspråklege aviser, men ellers er det lite samisk å sjå.
Trur ikkje på katastrofe
Tidlegare har Sami Radio hatt nettsider med artiklar både på norsk og samisk, men redaksjonen har brukt store ressursar på dette. No vil Hætta prioritere annleis, og han kjenner seg trygg på at vil gå bra.
- At det skulle vere ei katastrofe for det samiske språket at vi lagar nettsider på norsk, det kan eg absolutt ikkje forstå.
- Sami Radio må styrke språket
Magga meiner på si side at det samiske språket allereie er altfor fråverande i det samiske dagleglivet, og at nyheitsformidlinga derfor er svært viktig.
- Ein må kunne vente at Sami Radio er med på å styrke dette, i staden for å redusere sin bruk av samisk.
Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas og sametingspresident Aili Keskitalo møttes til debatt i Kulturnytt måndag morgon.