Tuggle har sendt brev til den norske amassaden i Washington der han oppmodar om at operastjerna får oppreising frå den norske staten.
- Ryktespreiinga om Kirsten Flagstad er den mest ondsinna og usanne eg har høyrt om, seier Tuggle, sjefen for arkiva til Metropolitan-operaen i New York der Kirsten Flagstad song ved fleire høve.
Diskutér: Bør Flagstad få oppreisning?
Forfulgd
Kulturnytt melde i førre veke at Ingeborg Solbrekken sin biografi om Kirsten Flagstad avslører at operasongaren vert ulovleg overvaka og forfulgd av den norske stat. Den same konkulsjonen har Robert Tuggle kome til etter 11 år med research.
Bildegalleri: Operasanger Kirsten Flagstads liv
- Etter ti år med research har eg funne ut at Kirsten Flagstad alltid fortalde sanninga. Eg har også lese publikasjonane frå ambassaden frå krigstida og det som står der er nesten utan unnatak løgn, fortset Tuggle.
Orsaking
No har Tuggle send eit brev til den norske ambassaden i Washington. Der peikar han på at det ikkje held at Noreg har heidra Flagstad med to frimerke, og at ho er trykt på hundrelappen. Det offisielle Noreg bør be om orsaking.
- Den norske staten bør no ta på seg ansvaret for at ambassadør i New York Wilhelm Morgenstierne under krigen var ansvarleg for vendettaen mot Flagstad.
Det har ikkje lukkast kulturnytt å få ein kommentar frå korkje den norske ambassaden i USA, utanriksdepartementet, justisdepartementet, kulturdepartementet eller statsministerens kontor i denne saka.
Kulturnytt, NRK P2, 26. juni 2006