Kritiserer kulturen: – Kvar blir dei av når det smell? Jo, dei sender folka sine til Nav.

– Store kulturinstitusjonar svikta under koronakrisa, seier Alf Magnus Reistad. Han stiller spørsmål om dei ikkje har forstått oppdraget sitt.

Den Norske Opera og Balletts barnekor.

OPERAEN: Reistad meiner Operaen kunne ha strøyma eller sendt ut operasongarar til ulike institusjonar under koronakrisa. I staden stengde dei.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera & Ballett

Vi hugsar Titanic der orkesteret vart sitjande i ro og spele salmar til trøyst medan skipet gjekk ned. Og musikken som sette nytt mot i oss etter 22. juli. Begge delar kultur som var viktig under store kriser.

Men da koronaen ramma og frykta var på sitt største her til lands, stengde fleire av dei store kulturinstitusjonane ned. Det meiner Alf Magnus Reistad, leiar av kulturhuset Sentralen i Oslo var feil.

– Vi har store kulturinstitusjonar som er godt finansierte. Dei skulle ha tatt denne situasjonen på ein heilt annan måte enn det som skjedde, seier han.

Alf Magnus Reistad

SYMBOLSK VIKTIG: For Reistad er det symbolsk viktig at kultursektoren sikrar eit visst tilbod, spesielt i ei krisetid.

Foto: NRK

Reistad forventar ikkje at institusjonane skulle halde alt ope, men at dei kunne ha laga eit tilbod der smittevernreglane var overhaldne for å få kulturen ut til publikum då dei trengde den som mest.

Han trekker blant anna fram Den Norske Opera og Ballett som eit eksempel på ein institusjon som svikta ansvaret sitt då dei permitterte dei tilsette i staden for å lage eit tilbod til publikum.

– Dette er den største bataljonen i kulturlivet – kvar blir dei av når det smell? Jo, dei sender folka sine til Nav.

Billy Budd. Den Norske Opera & Ballett, 2019

SJÅ I HEIMEN: Billy Budd er ei av framsyningane du kan sjå i heimen gjennom Operaens nettsider.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera & Ballett

Gjorde det dei måtte

Kenneth Fredstie, kommunikasjonsdirektør i Den Norske Opera & Ballett, meiner dei gjorde det dei måtte.

– Når vi skrur tida to månader attende i tid og det vart vedtatt lock-down og forbod mot forsamlingar, så valde vi ein strategi om å bidra til smittevern og den dugnaden som helsemyndigheitene har oppfordra til.

Premiere på forestillingen Nasjonalballetten kommer! på Vinderen bo- og servicesenter, her ser vi Leyna Magbutay og Martin Dauchez danse fra Giselle på Nordberghjemmet. Foto: Erik Berg – her: Nordberghjemmet (B).

NASJONALBALLETTEN KJEM UT: Då folk ikkje kunne kome til Nasjonalballetten, bestemte Nasjonalballetten seg for å kome ut til folket. Her ser vi Leyna Magbutay og Martin Dauchez danse frå Giselle på Nordberghjemmet.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera og Ballett

Dessutan var dei ikkje heilt utan tilbod.

Etter eit par veker byrja dei å strøyme ballett-treningar. To månader etter at Noreg vart stengd sende dei ut dansarar og framførte klassiske ballettstykke for institusjonar. Etter kvart byrja Den Norske Opera & Ballett også med å strøyme konsertar på Facebook ein gong i veka.

Burde ha kome på bana mykje tidlegare

Alf Magnus Reistad er stor fan av operaen og det dei gjer kunstnerisk. Og han meiner det er bra at dei får fleire hundre millionar kroner av staten kvart år til å drive verksemda si.

Men han synest at Operaen burde ha vore ute og til stades då krisa var størst.

– Då kunne songarane ha dratt ut og sunge utanfor institusjonane – men dei konkluderte raskt med permittering og eg skulle ønske dei ikkje hadde gjort det.

Operaens Kenneth Fredstie trur kunst og kultur er kjempeviktig både i krise og når det ikkje er krise.

Operae har konsert kvar tysdag

STRØYMEKONSERT: Den Norske Opera & Ballett strøymer konsert kvar tysdag.

Foto: Den Norske Opera & Ballett

– Det handlar ikkje berre om kultur i ei krise, men også etterpå. Operaen skal sette eit solid fotavtrykk innan kunst og kultur også i 2020, seier han.

Reistad drar ein parallell til Leningradsymfonien som sat og spelte når bombene regna over byen då tyskarane hadde omringa den. Musikken var med på å halde byen oppe.

– Vi har ikkje krig, men pandemi, og kulturen blir viktigare i den situasjonen enn normalt. Det er trist at institusjonane ikkje kunne bidra med noko i denne situasjonen før dei kom på bana.

Kulturstrøm

  • Advarer mot sensur

    J.K. Rowling, Margaret Atwood og Salman Rushdie er blant dem som advarer mot sensur i et opprop mot blant annet den såkalte cancel-kulturen – underskrevet av 150 forfattere og akademikere. Brevet er publisert på nettstedet til magasinet Harpers. De 150 mener det er en økende intoleranse for andres synspunkter, at det å henge ut meningsmotstandere er blitt mote, samtidig som de ser en tendens til å forenkle komplekse, politiske spørsmål «med en forbløffende moralsk sikkerhet» (NTB).

  • Skodespelar Grethe Ryen er død

    Skodespelar Grethe Ryen er død, 70 år gammal. Det skriv Det Norske Teatret på si Facebookside. Ho har dei siste åra vore alvorleg sjuk. Ryen hadde vore tilsett hjå Det Norske Teatret sidan 1977.

    Skodespelar Grethe Ryen
    Foto: Thomas Bjørnflaten / NTB scanpix
  • TikTok har sloppe kritisk søkelys

    Den populære appen TikTok er ikkje vurdert av norske styresmakter, sjølv om fleire andre land er kritiske. Verken Nasjonal tryggingsstyresmakt, PST eller Datatilsynet har vurdert TikTok, skriv NTB. Appen med to milliardar brukarar er kinesisk eigd.

    Illustrasjonsfoto: Apper
    Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix