Hopp til innhold

- Heilt i himmelen

Sara Chen var klar vinnar i Kjempesjansen denne veka. Men Solfa skaffa seg og ein plass i semifinalen

Dan Børge og Sara
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Det var ikkje vanskeleg for juryen å vite kven dei skulle gi sine 20 000 kroner til denne gongen.

Kvar person i juryen har 20 000 kroner kvar å gi ut til dei fem deltakarane, men det kan verke som at juryen ikkje hadde noko problem med å bestemme seg denne gongen.

Sara Chen stakk av med alle pengane frå alle dei fire i juryen.

 - Eg er heilt i himmelen, eg kan ikkje tru det!

Sara har eit stort smil om munnen.

Fekk du med deg kor mykje pengar du vant?

 - Eg hugar ikkje, 100 000? var det så mykje?

Og det var meir, Sara fekk med seg 151 700 kroner.

 

Vinnarane frå program 2
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

To vidare

Men det er ikkje berre Sara vi får sjå igjen frå Kjempesjansen denne veka når semifinalen går av stabelen. Solfa var den som gjekk av med flest stemmer etter Sara. Dei fekk ikkje så mykje som Sara, men 42 300 kroner er ikkje å klage over.

- Vi er utruleg overraska, og vi gratulerer Sara. Hadde ikkje vi vore med hadde vi nok stemt på Sara, seier gutane rett etter at sendinga er over.

Solfa fekk ingen pengar av publikum eller av dommarane, men det  viser jo berre at det er du der heime som i grunn bestem kven som går vidare.

- Vi er kjempe fornøgde, dette var kjekt!

Alle fekk penger 

Det er ingen som er med på Kjempesjansen som går heim utan ei stor vekeløn. Denne kvelden blei det delt ut heile 228 400 kroner.

Slik blei pengane fordelt:

Sara Chen: 151 700 kroner

Solfa: 35 600 kroner

Stine Mari Langstrand: 35 600 kroner

Nixon: 27 200 kroner

Juan Pablo: 21 600 kroner

Heile sendinga kan du sjå her.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.