Arkeolog Stefan Lundén ved Göteborg-universitetet meiner at dei forskarane ved Universitetet i Oslo som har granska på den omstidde Schøyen-samlinga, har vore med på å gi kriminell business med kulturminne godkjentstempel.
Forskinga på den store skriftsamlinga til Martin Schøyen har fått mykje kritikk fordi samlinga inneheld verdifulle skrifter som tilhøyrer nasjonalmuseet i Kabul.
- Dei burde ha sagt at dei ikkje skulle teke tak i dette materialet, for det er openbert stole.
Ikkje samd
Professor Jens Braarvig, som før påske trekte seg som forskingsleiar for Schøyen-samlingen, vil ikkje kommentera kritikken frå Lundén. Men sekretariatsleiar for Den nasjonale forskingsetiske komitéen for samfunnsvitskap og humaniora, Hilde Wisløff Nagel, er ikkje samd med nulltoleransekravet til Staffan Lundén.
- Det er lett å sjå dei negative konsekvensane, men forsking kan òg ha positive følgjer, som til dømes å avdekke eigarhistorie og auke sjansen for tilbakeføring, samt å få auka offentleg merksemd om problemet.
Totalforbod
Den nasjonale forskingsetiske komitéen for samfunnsvitskap og humaniora skal med utgangspunkt i Schøyen-saka greia ut dei prinsipielle problemstillingane ved forsking på kulturminne med ukjent opphav.
Konklusjonen er klar før sommaren.
Kulturnytt, NRK P2, 31. mars 2005