Hopp til innhold

- Forfalska eigen kunst

Halvparten av kunstverka til Salvador Dali kan vere falske, i følgje ny biografi.

"Soft Construction with Boiled Beans" (Premonition of Civil War), 1936, Salvador Dali

Utsnitt av 'Soft Construction with Boiled Beans' (Premonition of Civil War), 1936, Salvador Dali

Foto: - / AFP

Opp mot halvparten av kunstverka signert Salvador Dali kan vere falske. Det kjem fram i ein ny biografi. Og ifølgje boka var det Dali sjølv som organiserte svindelen.

Organiserte svindelen sjølv

Den tidlegare belgiske kunsthandlaren Stan Lauryssen var i fleire år i omgangskrinsen til den spanske kunstnaren. No har han skrive om desse åra i boka "Dali & I: The Surreal Story". Her hevdar han at opp mot halvparten av verka som er signert av Salvador Dali er falske, og at det var kunstnaren sjølv som organiserte svindelen, skriv den britiske avisa The Times.

Kunstkritikar i NRK Kulturnytt Mona Pahle Bjerke seier det er graverande og svært oppsiktsvekkande dersom nærare halvparten av det vi no kjenner som originale Dali-motiv viser seg å vere falske. Men om dette berre er ei ny stadfesting av at det fins like mange falske som ekte Dali-bilete, så er det noko vi allereie veit frå før.

- Vi veit at marknaden renn over av falske Dali-bileter og det er ei kjend sak at Dali har vore slepphend med signaturen sin. Det har og tidlegare vore fortald at han signerte blanke lerret. Men at dette skulle gjelde halvparten av bileta hans synes eg verkar usannsynleg.

- Kunstnerisk grep?

Svindelen skal ha vore organisert slik at Dali lot ei rekke malarar lage bilete i den spesielle stilen hans, som han til slutt signerte. I boka vert personar som samarbeidde med kunstnaren nytta som vitner. Ifølgje Michael Ward Stout, som var advokaten til Dali, fekk kunstnaren ein halv million dollar for å signere blanke lerret. På eit tidspunkt signerte han eitt lerret kvart anna sekund. Og som om ikkje det var nok, så skal den karakteristiske barten til Dali også vere falsk.

(Artikkelen fortsetjer under biletet)

Salvador Dali

Dali vis frem eit sjølvportrett i 1971.

Foto: STF / AFP

- Eg har tenkt tanken på om Dali kan ha gjort dette som eit kunstnarisk grep. Det kan tenkast at han ønska å sette i gang ein prosess utanfor sin eigen kontroll, innanfor sitt eige kunstnariske uttrykk. Men det er vel heller tvilsomt, seier Pahle Bjerke.

- Ei reklamekampanje

I Spania blir påstandane i boka avviste, og enkelte kritikarar meiner biografien manglar både historisk, kunstnerisk og etisk substans. Dei meiner påstandane er ein del av ei reklamekampanje for boka og filmen som no blir laga, basert på biografien.

Tilbake i New York i 1965 fekk Dali spørsmålet om kvifor han var så mykje meir produktiv enn sine samtidige kunstnarar. Då svara han at grunnen var at "Dali er redd for døden".

- No må spisskompetente kunstekspertar kartleggje kva som finst på marknaden. Galleri er ikkje særleg glade i slike ekspertgrupper som drar rundt og avgjer kva som er ekte og falske bilete, for dersom dette stemmer vil det kunne få enorm tyding, ikkje minst økonomisk, seier Pahle Bjerke.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.