NRK Meny
Normal

- Fildelarane skal få betalt

Global Gaming Factory X vil skape ein ny type fildeling der både opprettshavarar, fildelarar og innhaldsleverandørar får betalt.

Hans Pandeya

Sjef i Global Gaming Factory X Hans Pandeya på pressekonferansen i Stockholm i dag.

Foto: SCANPIX / REUTERS

- Teknikken vi får gjennom å kjøpe selskapet Peerialism kjem til å føre til at alle får betalt, sier Hans Pandeya til den svenske økonominettstaden di.se .

Til og med fildelarane skal få betalt, fortel Pandeya, videdirektør i Global Gaming Factory X.

LES ÒG: The Pirate Bay selges

- Ein fildelar som koplar seg opp i vårt system byrjar med ein gong å tene penger, stadfestar Pandeya.

Håper nettleverandørane skal betale

Han meiner internettleverandørene delvis vil kunne betale for dette. Det nye fildelingssystemet vil føre til at nettet vert mindre belasta, noko som vil gje ein meir effektiv nettrafikk og dermed mindre kostnader for nettoperatørane. Desse inntektene vil dei gje vidare til fildelarane.

Nokon avtale er enno ikkje gjort med nettleverandørane, men Pandeya seier at dei allereie er i samtalar med fleire.

Målretta reklame

I tillegg vurderer Global Gaming Factory X selje annonsar på nettstaden.

- Vi veit kva slags musikk ein fildelar har lasta ned, og vi vil kunne tilby retta reklame, noko som gjev annonseinntekter, seier Hans Pandeya til di.se.