Det er ikkje lenger berre utanlandske artistar som stadfestar bruken av narkotika. Det siste året har fleire norske artistar innrømt bruk av rusmiddel.
Vokalist i Madrugada, Sivert Høyem sa til Dagbladet at det har vore utstrakt bruk av dop i bandet tidlegare.
Frontfigur i Turboneger, Hans Erik Dyvik Husby blei tidlegare i år skreve ut av ein reahabiliterings-klinikk for sin bruk av heroin.
Frontfigur i Paperboys Øyvind ”Vinni” Sauvik er sistemann. I eit lengre intervju med bladet ”Spirit” seier Sauvik at han har brukt både hasj, kokain og blandinga
Jan Erik Thoresen, generalsekretær i Landsforbundet mot Stoffmisbruk. Foto. Mottstoff.no.
rohypnol og whiskey.
- Svært uheldig. Det ser ut som det er in å seie kva du går på, seier Christin Aamodth, tidlegare leiar av Ungdom Mot Narkotika, UMN.
Reklamerer for narkotika
Narkotikamsibruket blant artistar er langt i frå uvanleg. Nyleg stadfesta Withney Houston for fyrste gang at ho og ektemannen Bobby Brown har brukt narkotika i lengre tid. Ungdom Mot Narkotika ser svært negativt på utviklinga.
- Det er mote å seie ”Ja vi har gjort det”. Vi meinar at ved å seie det på denne måten er ein med å reklamere for bruken. På den andre sida utnyttar ein åtte år gamle ungar som plukkar narkotikaplanter, slik at Paperboys og alle andre skal få nyte den private rusen sin i
Jan Erik Haglund i Gramart meiner det er positivt at rusorganisasjonane etterlyser tiltak. Foto: Arne K. Gansmo, NRK.
fred.
Landforbundet mot Stoffmisbruk (LMS) kastar seg og aktiv inn i debatten. Generalsekretær Jan Erik Thoresen er bekymra over utviklinga og seier at artistane bør tenke på rolla si.
- Dei er rollemodellar. Tenk på kor mange som ser opp til desse artistane, og vil gjerne gjere alt dei kan for å vere lik. Det blir ikkje noko privatsak å gå ut i det offentlege rom å fortelje om sin narkotikabruk.
Boikott artistane
Både UMN og LMS vil gjere at platebransjen skal gjere noko med utviklinga i musikkbransjen. No vil dei gjerne invitere til møte for å sjå nærmare på saka.
- Vi kjem nok til å prøve å få til eit møte med plateselskapa. Det er trur eg vil vere positivt. Eg tvilar ikkje på at selskapa er i mot dette her, og difor bør me gjere det me kan for å stoppe ei vidare utvikling, seier Jan Erik Thoresen.
Christin Aamodt vil ha endå fleire tiltak. Dersom ho hadde skipa til eit arrangement for ungdom, ville ho helst ha unngått Paperboys.
- Dei fleste artistar formidlar eit bodskap frå scena. Paperboys står for noko som er heilt feil. Kvifor ikkje få tak i artistar som formidlar noko positivt. Gatas Parlament og Jester til dømes. Båe to er aktive i kampen mot narkotika. Dette skriv media svært lite om. Fokuser heller på slike artistar.
-Vi er med
Jan Erik Haglund er dagleg leiar i artistorganisasjonen Gramart og meiner det er positivt at rusorganisasjonane no etterlyser eit tiltak.
- Joda dette kan vi gjerne vere med på.
- Vi er jo ein interesseorganisasjon som skal ta vare på artistane. Det er negativt at folk bruker narkotika. Difor vil vi gjerne vere med på å kjempe mot dette, og ser ikkje noko stort problem i å samarbeide. Det bør det kome positive tiltak ut av, seier Jan Erik Hagelund.