Arild bestemte seg relativt tidlig for å bli journalist. Han gjekk på ungdomsskulen då murane fall i øst og Hans Wilhelm Steinfeld var i sitt ess frå Sovjetunionen. Han vart forbildet som Artild ville ta over etter.
Etter to år med radioutdanning var han innom NRK Sogn og Fjordane før han hamna i Norgesglasset i NRK P1. (Foto: Jon-Annar Fordal)
- Så vart eg engasjert i ungdomspolitikk og fekk ei stund for meg at det var politisk redaktør i ei tabloidavis som ville vere det mest fantastiske ein kunne bli. Det politiske engasjementet førte meg inn i Stryn kommunestyre ein periode, men lokalpolitikk vart "drepen" for den heilt store politiske interessa. Så vart eg journalist i staden.
Matematikk og radio
Han tok noken fag på universiteta i Oslo og Bergen (statistikk, matematikk, historie og ex.phil.) før han hamna i Volda på journalistutdanninga der. Etter to år med radioutdanning der, var han innom NRK Sogn og Fjordane eitt år før jobben i Norgesglasset var ledig.
Etter vidaregåande var det tid for militæret: vokta konge og fedreland i Hans Majestet Kongens Garde, som har ført til at eg kan skryte av å vere flink til å stryke skjorter og pusse sko.
Eit fotballlag med seg
- Eg kan skryte av å vere flink til å stryke skjorter og pusse sko, seier Arild Opheim.
I Norgesglasset er han programleder og har eit lite fotballag til å hjelpe seg med å lage ”glasset”. I NRK Sogn og Fjordane jobba han både som reporter og programleder på radio. Likte meg best når eg fekk leike meg med "mitt eige lille barn"; Trivselsfylket Amatørdramalag. Det var lokalsatiriske sketsjar som gjekk ein gang i veka. Her fekk eg leve ut både forfattaren og skodespelaren i meg.
Arild fortel at han likar veldig godt å reise. - Reiste som backpacker rundt jorda i eit halvt år like etter militæret. I 2001 fekk eg reise jorda rundt som reisereporter sammen med samboaren min. Turen varte halvanna måned. Har reist ein del ellers i tillegg, totalt i 25 land og eg har vore i alle verdensdelane, seier Arild.
Kretsmester frå Stryn
For å begynne med starten så er han født 29. april 1977 i Sogn. Etter fire år der, og fire år i Finnmark, havna han i Stryn.
Arild Opheim er nesten to meter høg, men prøvar likevel å kjempe mot naturens lover, for eksempel ved å gå på salsa-kurs. (Foto: Jon-Annar Fordal)
- Det har vore utgangspunktet mitt sidan, så eg føler meg definitivt som ein stryning. Spelte mykje fotball i oppveksten, som hardtsparkande back eller midtstopper, men den einaste tittelen eg har oppnådd var i innebandy: var med på å bli kretsmester, uten at eg kan ta særleg av æra for det. Eg vart stort sett utvist i det eg sette beina på bana, seier han.
Arild Opheim er nesten to meter høg (195cm), men prøvar likevel å kjempe mot naturens lover, for eksempel ved å gå på salsa-kurs. - To meter lange norske stive kroppar er ikkje konstruert for slike rytmar i utgangspunktet, men det går med litt trening, seier Arild.
No bor han i Trondheim. - Ein trivlig by. Spelar bedriftsfotball og trenar litt på treningsstudio. Har ein gitar eg kjøpte for 3-4 år sidan, og som eg har lært meg noken grep på. Er ikkje særlig flink, og aller dårlegast er eg til å stemme den. Det blir berre gjort når eg får besøk av noken vennar som kan slikt. Dermed kan det bli enkelte periodar der naboen blir plaga med både sur og dårlig gitarspeling, seier Arild Opheim som du kan høyre kvar dag i Norgesglasset i NRK P1 mellom klokka 1305 og 1500.
Lagt til rette for nett av Jon-Annar Fordal.