Poplegenda med dei misantropiske tekstane har fascinert musikkfans over heile verda sidan debuten i 1982, som frontfigur i The Smiths.
Fredag blei han motteken med ståande applaus då han entra scena i heimbyen Manchester.
Ein utseld konsertsal hylla artisten som fylte 50 år fredag, som på si side kom med følgjande karriereoppsummering frå scenekanten:
- 50 redselsfulle år!
Opplagt og slagferdig
Morrissey baud på både klassikarar frå gamlebandet, og låtar frå den 21 år lange solokarriera, mellom anna "The charming man", "How soon is now?" og "First of the gang to die."
Han er framleis aktiv, og ga ut albumet "Years of refusal" i februar i år, men uttrykte i følgje BBC misnøye med at den nyaste singelen "Something Squeezing My Skull" har gjort det heller dårleg på hitlistene.
- Du ville trenge gruvearbeidarhjelm og antropologutdanning for å finne den i butikkane, fleipa Morrissey i kjent stil frå scena.
- Eg er førtiti
Midt under konserten drog bandet i gong "Happy Birthday", og heile publikum stemte i.
- Eg er ikkje 50 år, eg er faktisk førtiti, kom det frå Morrisey.
To fans fekk komme opp på scena under konserten, og den eine, ei ung kvinne, tok tak i mikrofonen og sette ord på hyllesten frå ein fullsett sal:
- Eg elskar deg, din flotte djevel!
Konserten i heimbyen, som blei utseld på 15 minutt, er ein del av Morrisey sin verdsturne.
Norske fans gler seg til å oppleve briten i levande live på Sentrum scene 20. juni - men konserten er for lengst utseld.