Hopp til innhold

Trompet og klaver - Sjostakovitsj og Sibelius

Torsdag 31. oktober kl. 18.00
NRK Store studio

Odd Nilsen, solotrompetist i KORK
Foto: Marinette Tonning-Olsen / NRK

Kristiina Poska, dirigent
Christian Ihle Hadland, klaver
Odd Nilsen, trompet

  • Dmitrij Sjostakovitsj: Klaverkonsert nr. 1
  • Jean Sibelius: Symfoni nr. 6 og 7

Kva er betre enn ein konsert med ein virtuos solist? Jo, ein konsert med to virtuose solistar. Igjen har KORK ein av sine favorittar på plass bak flygelet: Christian Ihle Hadland er framleis ein av våre beste og mest interessante pianistar, med ei særeigen evne til å få musikken til å sprudle. I den første klaverkonserten til Dmitrij Sjostakovitsj trengst det virtuositet (komponisten var sjølv ein formidabel pianist) men òg ein evne til ein smule råskap og kunsten å kunne meistra skiftande stemningar i høgt tempo. Genistreken til den 27 år gamle komponisten er å ta fram ein solist til, ein trompet, som både spelar med og opp mot klaveret. Odd Nilsen, solotrompetist i KORK, trakterer trompetstemma.

Den estiske dirigenten Kristiina Poska skal dirigere KORK for første gong. Ho har med seg dei to siste symfoniane til Jean Sibelius, kanskje den største symfonikaren i Norden. Den sjette (1923) er av dei minst spelte. I staden for det symfoniske dramaet vi kjenner frå til dømes 2. og 5. symfoni eller Finlandia er det meir kjølig og neddempa, meir idyll enn eit mørkt drama. Sjølv sa Sibelius: ”Sjetta symfonin för alltid doften av första snön i tankarna.” Idet ein godtar symfonien på hans eigne premissar står han fram som eit meisterverk.

Den sjuande og siste symfonien, skriven året etter, loddar enda djupare. Kanskje veit Sibelius at det skal bli den siste. Han samlar all sin symfoniske kraft i ein samanhengande sats. Form og instrumentasjon inspirerer komponistar som kjem etter Sibelius, men etter orkesterverket Tapiola, skrive to år seinare, kjem det ikkje meir orkestermusikk frå Sibelius sjølv. Den store meisteren stilnar dei siste 30 åra av livet.

BILLETTAR