Eivind Aadland, dirigent
Amalie Stalheim, cello
- W. A. Mozart: Ouverture til Figaros bryllaup
- Knut Vaage: Relieff, Cellokonsert
- Johannes Brahms: Symfoni nr. 2
Amalie Stalheim står i fremste rekkje blant dei unge cellistane våre. Ho er ein musikar som femnar heile spekteret, frå solo, via kammermusikk til å vere briljant solist med orkester. I tillegg har ho bidrege til å fornye repertoaret ved å få skrive nye verk til seg, noko Knut Vaages cellokonsert er eit fint døme på. Vaage er ein nestor blant norske komponistar, og ein som veit å bringe fram den gode klangen frå orkesteret.
Med Eivind Aadland som dirigent er trekløveren frå Bergen komplett, og publikum kan få oppleve Aadlands tolking av ein av dei store, romantiske symfoniane. Brahms brukte lang tid på å få skrive sin første symfoni, men då proppen vel var ute, gjekk det raskare med den andre, og ein noko lysare, men ikkje mindre meisterleg symfoni kom til i 1877.