Hopp til innhold

NRKS julekonsert 2023

Rudi gard, Sør-Fron fredag 24. november kl. 18.00

Kim Rysstad og KORK
Foto: NRK

Ein viktig og elska tradisjon for TV-sjåarar i førjulstida er julekonserten med KORK. Den har hatt mange ulike formar gjennom åra, og i år drar heile orkesteret til Rudi gard i Gudbrandsdalen for ei stemningsfull folkemusikkjul.

Rudi gard, Sør-Fron
Foto: Lillehammer.com

Hovudartist ilag med KORK er Kim Rysstad. Gjennom solid innsats i NRKs Stjernekamp song han seg inn i den norske folkesjela, og Kim har med seg sin faste gitarist Trym Bjønnes og fleire fine gjester. Dei unge si stemme blir bore fram av dei syngjande og felespelande tvillingane Hanne og Synne Kjøk og folkesongaren Martin Steinum Brun, alle frå Gudbrandsdalen. Den prislønte sørsamiske joikaren og songaren Marja Mortensson frå Svahken Sïjte i Engerdal gjestar scena. Dirigent for det heile er Karl Johan Ankarblom.

BILLETTAR