Hopp til innhold

Klassisk med Eriksmoen og Luks

NRK Store studio fredag 14. april kl. 18.00

Mari Eriksmoen
Foto: Renate Torseth

Václav Luks, dirigent

Mari Eriksmoen, sopran

  • Josef Mysliveček: Ouverture II i A-dur
  • Wolfgang Amadeus Mozart: Misera dove son … Ah! Non son io, konsertarie
  • František Xaver Dušek: Symfoni i B-dur
  • Wolfgang Amadeus Mozart: Bella mia fiamma, addio … Resta, o cara, konsertarie
  • Jan Václav Hugo Voříšek: Symfoni nr. 1 i D-dur

Eit orkester på storleik med KORK (54 musikarar) kan støyte på utfordringar med dei største verka som krev eit stort orkesterapparat. Men oftast gir det KORK høvet til å vere eit fleksibelt orkester, som kan svinge i alle slags stilar frå barokk til rock. Musikken frå 1700-talet, då Mozart levde, passar også godt til eit orkester som både er lett på labben og med rytmisk snert. KORK får besøk av ein av dei leiande sopranane både i Noreg og verda. Mari Eriksmoen skal briljere i to Mozart-ariar, skrive spesielt for konsertsalen.

Men det var ikkje berre Mozart og Haydn som komponerte musikk på 1700-talet. Stadig nye og spennande komponistoppdagingar blir gjorde, og ein som har ei spesiell interesse for eldre og mindre spelt musikk er dirigenten Václav Luks. Den tsjekkiske musikaren, dirigenten og musikologen skal la oss få bli kjende med heile tre tsjekkiske komponistar, alle fødde på 1700-talet, og alle verd ei oppdaging.

BILLETTAR

Mer fra Kringkastingsorkestret

Kolbjørn Holthe, leiar
Marianne Beate Kielland, mezzosopran
Hector Berlioz: Les nuits d'été
Jean Sibelius: Symfoni nr. 2

KORK utan dirigent - Sibelius og Berlioz

NRK Store studio fredag 31. mars kl. 18.00 Følg strømmen her!

Petr Popelka, dirigent
Yi Yang og Sergey Levitin, fiolin
Richard Wagner: Eine Faust-ouverture
Alfred Schnittke: Concerto grosso nr. 1 for to fiolinar, cembalo, preparert klaver og kammerorkester
Richard Wagner/arr: Engelbert Humperdinck: Siegfrieds Rheinfahrt frå Götterdämmerung
Richard Wagner/arr: L. Stasny: Siegfrieds Tod und Trauermarsch frå Götterdämmerung
Richard Wagner: Wotans Abschied und Feuerzauber frå Die Walküre

Schnittke og Wagner

Konsert fra NRK Store studio fredag 24. mars Se strømmen her!