Hopp til innhold

Tandbergs nye basskonsert

NRK Store studio
fredag 13. januar kl. 18.00

Kari Beate Tandberg, komponist
Foto: Bodil Maroni Jensen

Jamie Phillips, dirigent
Marius Flatby, kontrabass

  • Kari Beate Tandberg: Dét for kontrabass og orkester (urframføring)
  • Fartein Valen: Epithalamion & Nenia
  • Kari Beate Tandberg: Fabel (urframføring)
  • Dmitrij Sjostakovitsj: Symfoni nr. 15

Vi byrjar det nye året i Store studio med det mest spennande ein konsert kan by på, nemleg ny og uhøyrd musikk. Her skal vi få heile to urframføringar av Kari Beate Tandberg, ein av våre mest anerkjende og erfarne komponistar.

Kontrabasskonserten Dét er inspirert av den kjende diktsamlinga til den danske poeten Inger Christensen. Sjølv om dikta er strengt oppbygde, er det likevel ein leik med ord, ein leik som Tandberg overfører til musikken. Akkurat som det vesle ordet blir brukt til å byggje eit større verk, er Tandberg oppteke av korleis eit lite utgangspunkt kan bli ein større musikalsk komposisjon. Verket er også inspirert av Marius Flatbys framifrå evner som kontrabassist, ein musikar som ikkje er redd for å gå nye vegar. Til dagleg er han solobassist i KORK.

Det andre verket, Fabel, eit reint orkesterverk, har ein opnare tittel. Komponisten seier at det "antydar ei musikalsk fantasiverd, prega av vaktsemd mot truande farar og kampar som blir utkjempa."

Tandberg har også valt ut resten av musikken på konserten. Fartein Valen reknar ho som ein av dei store norske komponistane, som framleis får litt lite merksemd. Her har ho valt to stykke som står i kontrast til kvarandre både i uttrykk og innhald. Nenia er inspirert av den gamle romerske skulpturen Den døyande gallar, ein sørgjesong over alt for tidleg død hjå unge menneske. Epithalamion er som ein kontrast skrive til bryllaupet til nevøen til Valen, men også det med antikke inspirasjonar. Publikum lét seg overraske av musikk som var langt muntrare enn ein var vant til frå Valen.

Konserten blir avslutta med det som også skulle bli Dmitrij Sjostakovitsj siste symfoni frå 1971. Det er ein samansett symfoni, med både humor, sitat, kammermusikalske parti og full episk orkesterklang. Det er parti med mørkt alvor, men den bitande ironien til Sjostakovitsj er aldri langt unna. Tandberg liker at han ikkje komponerer heilt «etter boka», at han skriv som han vil, noko som aldri var sjølvsagt for ein Sovjet-komponist. Vi sit både ramma og forundra tilbake, men kanskje har komponisten berre vist oss at verken livet eller symfonien er noko du kan gjette deg til på førehand.

BILLETTAR