Stian Aadland på Svalbard
Foto: Stian Aadland

Svalbards forførar

Stian forelska seg i Svalbard og viste kjærleiken for verda. Så begynte han å gruble: – Raserer eg alt?

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Svalbard, august 2019.

Polarguiden Stian Aadland (35) står midt i salongen på Hurtigruta. Han er kledd i hettegenser og bustehåret er festa i ein hestehale.

– My Svalbard, seier Stian og forfører turistane frå første sekund.

– Eg vil vise dykk mitt Svalbard og kvifor eg elskar det så høgt.

«MS Spitsbergen» cruisar langs kysten av det arktiske øyriket.

Guiden tar turistane med på ei visuell reise i sitt Svalbard.

Han er fleire hundre meter på innsida av ein isbre, i ei totalt stille verd.

Stian Aadland i brehule

Han viser «50 shades of blue» i mørketida.

Stian Aadland ser ut over Longyearbyen

Polarlyset og fjell i pastell.

Stian Aadland på fjelltopp på Svalbard

Han fortel om nordlyset, som sjeldan viser seg så langt nord.

Stian seier Svalbard er ein av dei mest fantastiske plassane du kan sjå nordlys.

Her er inga lysforureining.

– Du ser 20 gonger så mange stjerner, seier Stian.

Guiden måtte nesten ofre ei forfrosen tå for biletet han no skal vise.

Grønskjæret flammar over storskjermen.

Stian Aadland og nordlyset
Foto: Stian Aadland

«Åh!» Det går eit kollektivt sus mellom turistane.

Svalbard har eit av dei største uberørte villmarksområda i Europa.

– Dette er leikeplassen min, seier Stian.

Men Svalbard er ikkje berre Stian sitt løyndomsfulle øyrike.

Om lag 150.000 tilreisande fann vegen dit i fjor. Og det til eit samfunn med 2379 fastbuande.

Under pudderet sveittar Svalbard med feber.

Svalbard har vintertid opplevd ei oppvarming på sju grader sidan 1971.

Stian har sett teikna, år for år. Ingen stader er klimaendringane så tydelege som her.

Hans kjære Svalbard er i endring, på sikt kanskje til det ugjenkjennelege.

Men på scenen viser han solsida.

Han gjer klar eit siste videoklipp.

– The biggest moment of my life, seier Stian.

Den gylnaste augneblinken er gøymd til slutt.

For guiden har ein heilt bestemd misjon.

Dødsskredet

Bergen, 11. februar 2011:

Stian kika småsur ut vindauget. Sjølv over brusteinen i Bergen sentrum var det sol.

Han tenkte på kompisane som leika seg på snowboard i ei fjellside, medan han jobba i Session-butikken.

Minusgrader og puddersnø lokka. Rastlaus klikka Stian innom nettavisene. Ein klump sette seg i magen.

Overskriftene fortalte om eit snøskred rett ved Eikedalen skisenter utanfor Bergen.

Skredet hadde gått i skråninga der Stian hadde laga hopp og boltra seg kvar vinter frå han var 12 år.

Snøskred i Eikedalen 2011

Akkurat der fem kompisar frå brettmiljøet skulle kose seg denne dagen. Han kunne sjølv ha vore der.

To var sakna, melde avisene, etter kvart kom ei oppdatering: to omkomne.

Ut på kvelden ringte det. Butikken var tom for folk. Stian tok telefonen. Det var sjefen.

Det blei stille – lenge.

– Dei er borte, fortalte han.

Personane som var råka av snøskredet tilhøyrde brettmiljøet rundt Session-butikken.

Dei var som ein liten familie.

– Snøen var det vakraste i livet mitt. Det var naturelementet eg levde i. Så tok det kompisane mine. Eg kjende på eit sterkt sinne, seier Stian.

Lidenskapen var som stolen frå han.

27-åringen levde som ein boms. Alt han skrapte saman av pengar gjekk til livet med snowboard. Svevande på brettet fantest ikkje reglar og rammer, svolt og trøytte, berre fridomskjensle.

Han følte seg så levande på brettet.

Han var i ferd med å miste seg sjølv. Identiteten var bytta ut med kaos i hovudet.

Stian la berre lokk på alt.

Sommaren etter ulykka pakka han sekken, strauk til fjells, mutters åleine.

Turbomsen

Han slo leir i fjellheimen utanfor Bergen. Stian hadde aldri fyrt opp eit stormkjøken eller sove åleine i telt før. Han kraup inn i soveposen.

Det regna, kondensen la seg på teltduken og ei tåre pressa seg fram. Tåka seig inn første morgonen, saman med redsla for å gå seg vill.

Det var langt frå kvikklunsj-stemning. Men Stian gjekk alltid «all in» i det han sette seg føre, og ubehaget sleppte gradvis taket.

Ikkje noko forureina sansane og forgifta tankane når han var åleine i naturen. Han let seg lokke av den totale stilla.

På snowboard hadde han hovudrolla. Til fots i fjellet blei han statisten som betrakta kunsten på lerretet.

Han pausa ved Vending turisthytte. Det klarna opp etter strigregn. Stian hadde ikkje sett ein slik solnedgang.

Han kjende eit rush av lykke.

Ei demning brast inne i han, tårene flauma, uro og stress slapp taket.

Den kvelden skjønte han kva han skulle drive med.

Solnedgang i Bergsdalen

SOLSNU: Solnedgangen som endra Stian.

Foto: Stian Aadland

Roald Amundsen-kopien

Sogndal, hausten 2012.

Studentlivet opna ei ny verd for Stian. Han hang med studentar som telta i fjellet, lærte om skredfare og drog på toppturar.

Han samla på høgdepunkta. Leirbål-biletet han tok gjekk til topps i ein fotokonkurranse. Premien var å krysse Hardangervidda på Roald Amundsen-vis.

Og der stod Stian på Finse, klar bak eit hundespann med åtte bikkjer. Kledd i selskinn som ein polarhelt suste han av garde over høgfjellsplatået.

– Beste dagen i mitt liv, ropte han.

Stian Aadland som Amundsen

AMUNDSEN-KOPI: Kledd som polarhelten

Foto: Stian Aadland

Stian fann tonen med guidane rundt hjortebiffen om kvelden. Då han vakna i nærare 30 minus, var polardraumen sådd.

– Guidane var dei tøffaste folka eg hadde møtt. Eg ville bli som dei.

Smørkniven mot isbjørnen

Svalbard, hausten 2013.

Han visste knapt noko om Svalbard, idet flyet skar gjennom skydekket før Longyearbyen flyplass.

Stian såg barske fjell, eit evinneleg steinete landskap, øyriket låg der som ein gråkvit ørken, omringa av eit ishav med frodande bølgjer.

Han slo opp teltet på Camp Svalbard. Den uendelege villmarka var klasserommet hans det neste året.

Stian hadde kome inn på arktisk naturguide-studiet, sprekkeferdig av motivasjon.

Stian Aadland på Svalbard

FØRSTE SVALBARD-DAG: Nervøs bak fasaden.

Foto: Stian Aadland

Det skulle vere trygt på campingen, isbjørnfritt, trudde han. Heilt til han gjekk inn på ei nettside. Der såg han at ein kvit kjempebamse hadde spasert i området før.

Stian la seg med halvopne augo første natta på Svalbard. Han høyrde pust og rørsle frå utsida av teltet. Dyret verka stort, syntest han, og skalv av frykt. Våpen hadde han ikkje, men ein smørkniv.

– Skal eg la isbjørnen spise meg opp, eller kjempe, spurde han seg sjølv.

Han manna seg opp, opna teltduken og hoppa fram med eit skrik frå djupet av lungene.

Der sto han andlet til andlet med ein liten, hårete svalbardrein.

– Reinsdyret skjønte vel at eg var ny på Svalbard, seier Stian.

Reinsdyr på Svalbard
Foto: Stian Aadland

Nyforelska

Med ein gong Stian bevegde seg utanfor Longyearbyen, fekk han kjensle av å vere i det uendelege. Svalbard var som ein annan planet.

Han gjekk på tå-hev i fjella med rifle på ryggen første hausten, bak kvar stein og knaus kunne herskaren i Arktis ligge.

Det var den siste solnedgangen før mørketida, 26. oktober.

Han blei ståande, som oppslukt av utsikta.

Stian Aadland ser ut over fjellene på Svalbard når sola forsvinner

Svalbard hadde sin eigen estetikk, reine linjer.

Fjell på Svalbard

Det var ei hovudstups forelsking – ein kjærleik med hjartet i halsen.

Svalbard hadde sitt eige lynne, openheit og samhald gjennom mørketida.

Aldri hadde han sett noko så vakkert. Aldri hadde han vore ein plass med slik varme.

Svalbard kraup under gåsehuda.

Her blei han verande med fast adresse dei fem neste åra.

Fridom og leik

Som arktisk guide blei eventyr og ekspedisjonar både jobb og fritid for Stian.

Somrane guida han på Svalbard, i desember og januar mellom kongepingvinar og leopardsel i Antarktis.

Resten, åtte månader i året, var fullstendig fridom.

Seinvinteren og våren var høgtida for å dyrke Svalbard-leiken.

Stian Aadland på Svalbard

Han var som besett av leik og fridom.

Stian Aadland på Svalbard

Det var Stian, snøen og brettet. Han åleine på dei kvitrosa kremtoppane.

Stian Aadland med snowboard foran solen

Jakta på dei gylne augneblinkane gjekk framfor absolutt alt.

Stian Aadland soler seg på Svalbard

Det var ikkje tid og rom for annan kjærleik. Og kven ville vere nummer to?

– Det er vrient å vere i eit vanleg kjærastforhold, seier Stian.

Der han før kjende einsemd, var han no avhengig av å puste åleine i lange periodar.

Stian tenkte at folk måtte bli flinkare til «å skru av».

– Då slepp vi eit samfunn overfylt av angst og uvisse.

Superhiten

Med stoltheit kalla Stian seg «The Worlds Northernmost Snowboard Bum». Han fann ei ny utgåve av seg sjølv og var meir leiken enn nokon gong.

Det var ikkje lenger viktig å vere god på snowboard, men å køyre med låge skuldrer og kaffitermos i sekken.

Pur glede. «Ekstremfinkøyring», kalla han det, med lav risiko for snøskred.

Stian på snowboard

LEVANDE: Fridom i Svalbard-snø.

Foto: Stian Aadland

Stian utvikla sin eigen fotostil med sjølvutløysar. Han fanga seg sjølv i positurar; stupande, flagrande, svevande eller gjøglande i ei kulisse med rålekker natur.

Leiken blei delt i den sosiale medium-verda.

Stian, kaffikoppen, snowboard og Griegs «Morgonstemning» gjekk som ein viral hit - over ein million såg stuntet.

Men med kjærleiken kom òg kvardagane.

Under overflata ulma vanskelege dilemma.

Beskyttaren

Svalbard, august 2019, Hurtigruta.

Stian ser isbjørnen labbe målretta over ei sandtunge på land.

Turistane får synet dei kanskje har reist over halve kloden for å oppleve. Inne på land skimtar dei ein kvit flekk i rørsle.

Men bak sandtunga er òg ein seglbåt på veg mot sjefen.

Det ser ut som om isbjørnen bevegar seg sakte, men han går mykje fortare enn ein trur, påpeikar guiden.

Svalbard-herskaren kan springe hakket fortare enn Usain Bolt, om han må, om det så skulle vere snø eller is under sålane.

– Alle vil sjå isbjørn, men vi må gjere alt på hans måte og premissar. Isbjørnen er mykje viktigare enn gjestane. Eg ser jobben min som beskyttar for isbjørnen, ikkje gjestane om bord, seier Stian.

Difor held guiden alltid avstand, for ikkje å påverke åtferda til isbjørnen.

På Svalbard og i havområda rundt finst om lag 3000 isbjørnar.

Isbjørnen er sårbar, slik klimaframtida ser ut.

Seglbåten kjem tett på isbjørnen. Kjempen stoggar, rettar snuten i lufta, snur, labbar ut i sjøen og symjer vekk.

– Desse folka i seglbåten kom for brått på han, seier Stian.

Han er roleg - på utsida.

Guiden står i spagat, midt i turist- og klimadilemmaet.

Kjærleikens pris

Stian har sett breane smelte og fjordisen forsvinne.

Stians klasserom ved breen

KRYMPAR: Nordenskiöldbreen.

Foto: Stian Aadland

Under beina tinar permafrosten.

Landskapet endrar seg, bygningar blir skeive.

Han såg sjølv skredet som kom frå Sukkertoppen og knuste hus i Longyearbyen i 2017.

Jord- og snøskredfaren vil auke med klimaendringane.

Stian lokkar turistar til den arktiske villmarka, både gjennom guide-jobben, føredraga, bilete og videosnuttane, som får likes verda rundt.

– Eg har vore i konstant debatt med meg sjølv og grubla mykje på dette, seier han.

I Antarktis har polarguiden no sett det blir for mange cruiseskip og turistar.

– Eg har lova meg sjølv å gje meg som guide, om grensa blir passert der, seier han.

Misjonen

Kva med Svalbard? Kor går grensa der? Stian seier han ikkje veit.

På dei ti siste åra er talet på cruiseskip på ekspedisjon kring Svalbard nær firdobla. Passasjertalet er tredobla. Turistar på dagsbåtturar har auka enda meir.

– Det kan vere eg trekkjer nokre gjester som ikkje burde ha vore her òg, men dei fleste er bevisste, seier han.

Polarguiden blir trist når turistane fortel:

«Vi reiser hit no, mens det framleis er mogleg».

Stian ser på seg sjølv som ein misjonær på vegne av den arktiske villmarka og naturen.

Stian Aadland

PÅ OPPDRAG: For Stian er naturen nummer ein.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Som guide prøver han å knyte venskapsband mellom turistane og naturen. Same misjon har han med bileta han spreier verda over.

– Du tar vare på kompisane dine. Får du eit nært og inderleg forhold til naturen, så vil du i større grad ta vare på han. Slik er det i mitt hovud, seier Stian.

Han har tru på krafta i dei store opplevingane.

– Det er mange i dag som har null forhold til naturen. Ingen oppvekst i natur. Eg har sett turane her endre liv. Så sterke kan opplevingane vere på Svalbard.

Solformørkinga

Tilbake i salongen på Hurtigruta.

Stian held turistane i fast grep frå scenen til siste slutt. Han viser video av solformørkinga, som skjedde i 2015:

Stian står åleine på ein topp i eit mektig heilkvitt landskap.

Han ser sola krympe, bli ei glødande ildkule, forsvinne på ein stadig mørkare himmel.

Det er heilt svart, før sola - men ikkje Stian - blir seg sjølv igjen.

Det blir for overveldande, for stort, for vakkert, for han.

Stian klikkar i ein kaskade av begeistring og banneord.

– Det er den galnaste dagen ever, seier han.

Turistane reiser seg frå salongstolane på MS Spitsbergen.

– Eg håpar å ha eit livslangt forhold til Svalbard, seier Stian.

– Svalbard is the love of my life!

Turistane svarar med ståande applaus.