Hopp til innhold

Ny FN-rapport: Aldri målt varmare hav enn i 2023

«Som ein kjele med vatn på komfyren». Slik beskriv FNs havekspertar tilstanden til verdshava.

Strand ved Middelhavet

BLANT DEI VERSTE: Mange assosierer Middelhavet med sommaridyll og late dagar. Men havområdet er blant dei som opplever størst temperaturauke i verda.

Foto: AFP

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det står dårleg til med verdshava.

Det er hovudbeskjeden frå FNs organ for havforsking og havforvaltning, IOC-Unesco.

Havet vert hardt ramma av både global oppvarming og forureining, slår dei fast i den ferske statusrapporten sin for havet, State of the Ocean 2024.

Blant anna har det aldri blitt målt høgare temperaturar i havet enn i 2023.

– Mens temperaturane i atmosfæren går opp og ned, vert havet stadig varmare, som ein kjele med vatn på komfyren, heiter det i rapporten.

Han føyer seg dermed inn i ei rekke varsku om rekordhete i havet dei siste åra.

Òg i 2024 har havet vore svært varmt. Februar hadde dei høgaste havtemperaturane nokosinne målt av Copernicus, klimaovervakingstenesta til EU og Det europeiske romfartsprogrammet (ESA).

Vert varma opp raskare

Rapporten konkluderer også at oppvarminga av havet går dobbelt så raskt som for 20 år sidan.

– Med tanke på oppvarmingsfart var 2023 eit av dei verste åra sidan 1950-talet, spesielt i Middelhavet og i Sørishavet, heiter det i oppsummeringa av rapporten.

Havet tar opp 90 prosent av den overflødige varmen vi skaper.

Direktør Kikki Kleiven ved Bjerknessenteret for klimaforsking er ikkje overraska over dei nye tala.

Kikki Kleiven

Direktør Kikki Kleiven vonar at kunnskapen frå den nye rapporten vert teken i bruk.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

– Dette er ein trend me har sett lenge, seier ho, og viser til at det har vore ein stor auke i hetebølgjer i havet frå 80-talet og fram til i dag.

– Tar tid før varmen slepp

I Parisavtalen vart landa i verda einige om å stoppe oppvarminga av kloden på 2 grader.

Aller helst på1,5 grader, for å unngå dei verste konsekvensane av klimaendringane.

I havet har temperaturane allereie auka med 1,45 grader i snitt.

Great Barrier Reef utenfor Australias kyst

Korallane i Great Barrier Reef utanfor Australia er ramma av bleiking, som er ein konsekvens av varmare hav.

Foto: David Gray / AFP

I nokre område, som i Middelhavet, har auken allereie bikka 2 grader.

– Det som er alvorleg med havet, er at det er eit veldig stort varmemagasin. Det vil seie at når det har vorte oppvarma, tar det lang tid før den varmen slepp, seier Kleiven.

Ho nemner sommaren 2023 som eit døme på korleis hetebylgjer skadar økosystem, mellom anna utanfor Irland og Florida.

– Det er berre éin måte å snu trenden på. Me må redusera utsleppa våre. Samstundes ser me at me òg må ta høgd for at havet allereie er i endring, seier direktøren.

Les også Ny heterekord i havet: – Ekstrem situasjon

Varmerekord havtemperatur

Høgare havnivå og mindre oksygen

Varmare hav fører òg til eit anna problem: høgare havnivå.

Ifølgje rapporten har auka i havtemperaturane skylda for 40 prosent av auka i havnivå.

Les også Så mye vil havet stige i Norge på grunn av klimaendringene

Lise Peterson, avdelingssjef i beredskap og samfunnsutvikling i Stavanger

Havnivået har auka med 9 centimeter dei siste 30 åra. Auken har dessutan dobla seg i same periode.

Sidan 1960 har havet òg mista 2 prosent av oksygenet sitt.

– Kystarter vert bokstaveleg talt kvelte, heiter det i rapporten.

Vidare skriv dei at det er 500 «daudsoner» langs kysten kor det ikkje lenger finst liv, på grunn av mangel på oksygen.

Oksygenet forsvinn mellom anna på grunn av forureining ved kysten, utslepp frå jordbruket og høgare temperaturar.