Hopp til innhold

Nederlagsstemning i Warszawa

WARSZAWA (NRK.no): – Det som skjer her er sjokkerande og veldig skuffande, seier delegasjonsmedlem frå Trinidad og Tobago. Det er komplett mangel på tillit mellom partane.

Tilhørere under klimatoppmøtet i Warszawa

– Det er frustrerande at ei rekkje små detaljar kan stikke kjeppar i hjula, samtidig som utsleppskutt ikkje er tema, seier Are Einari Skau frå Klimautvalet i Spire, Utviklingsfondets ungdomsorganisasjon (th. i biletet). Saman med mange andre norske ungdommar har han delteke under FN-møtet i Polen.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter to veker skulle FNs klimamøte vore ferdig kl. 18.00 i går. Men laurdag ettermiddag er det enno ingen konklusjon.

Utsendingar frå nesten 200 land har delteke på konferansen. Rueanna la Toya Tonia Haynes er med i delegasjonen frå Trinidad og Tobago.

Ho kom hit til Warszawa med forventningar om framgang, om at dei ulike landa ville ta ansvar og forplikte seg.

Ingen vil forplikte seg

Rueanna la Toya Tonia Haynes

– Det som skjer her er sjokkerande og veldig skuffande, seier delegasjonsmedlemmet frå Trinidad og Tobago.

Foto: Eivind Molde / NRK
Steffen Kallbekken

– Eit særdeles dårleg møte, seier CICERO-forskar Steffen Kallbekken, som har følgt klimamøtet på fotballstadion i Warszawa.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Eg er ikkje knust, for møtet er enno ikkje over. Men eg er djupt skuffa, seier ho til NRK laurdag formiddag. - Det vanskelegaste og mest frustrerande for oss har vore den ekstreme mangelen på tillit mellom partane.

– Vi er her for å prøve å leggje grunnlaget for ein ny internasjonal klimaavtale som skal signerast i Paris i 2015, og setjast ut i livet i 2020. Men no ser alt etter 2020 ut til å vere heilt i det blå.

– Det er ingen som vil forplikte seg. Ein ser heller etter korleis ein kan vri seg unna, så dette er sjokkerande og veldig skuffande, seier ho og legg til:

– Eg synest ikkje at dei rike landa har vist ein type leiarskap som vi må kunne forvente i dette viktige arbeidet med å løyse klimautfordringane.

Får som fortent

Seniorrådgjevar Svend Søyland i Bellona følgde forhandlingane i plenumssalen store delar av natt til laurdag.

– Eg har sove to timar, seier han. Det står veldig fast. Alle vil ha omkamp om kven som skal betale, kven som skal gjere ting først, og kven som har skulda for at alt står fast.

– No får vertskapet som fortent. Dei har ikkje hatt eit godt grep om dette. Dei har laga ei ramme rundt konferansen som er direkte umusikalsk. Dei arrangerer eit møte for kolindustrien samtidig med klimamøtet, dei klistrar opp reklame for kolkraftverk, det er klart at dette provoserer, seier Søyland.

Dårleg møte

Forskingsleiar Steffen Kallbekken ved CICERO Senter for klimaforsking har følgt FNs klimakonferansar tett gjennom mange år.

– Ser det ut til at dette møtet blir ein fiasko?

– Det er eit særdeles dårleg møte, seier Kallbekken.

– Kva kan utfallet i beste fall bli?

– Det har komme på plass ein avtale om reglar for finansiering av tiltak for bevaring av skog i u-land. Det er bra. Men når det gjeld dei store og vanskelege sakene ser det svært dårleg ut. Dersom ein kjem i mål, så spørst det om
det er fordi teksten er så utvatna at alle kan godta den, seier han.

– Warszawa-møtet skulle få på plass fundamentet for ein ny avtale i 2015, ein skulle også ta viktige avgjerder om klimafinansiering, det vil seie. å hjelpe fattige land med å tilpasse seg klimaendringane og å kutte i eigne utslepp.

– Blir ingen ting av dette klart?

– Det blir nokre få steg i riktig retning, men langt frå nok i lys av at det berre er to år igjen til Paris-møtet. På mange måtar står ein lenger frå kvarandre no enn ein gjorde før møtet starta, seier Kallbekken. I klimapolitikken har det vore fleire steg tilbake bl.a. ved Australia og Japan har gått tilbake på tidlegare løfte.

Intense diskusjonar siste natta i Warszawa

Intense diskusjonar siste natta i Warszawa.

Foto: Svend Søyland/Bellona