Hopp til innhold

FNs klimasjef: Utan suksess i Lima - ingen suksess i Paris

LIMA (NRK): Det ser dårleg ut for ein internasjonal klimaavtale i Paris neste år dersom årets forhandlingar i Lima ikkje gir eit godt resultat. FNs klimasjef er klar: Utan suksess i Lima - ingen suksess i Paris. Forhandlingane ligg etter skjema.

Christiana Figueres

– AVGJERANDE: Sjefen for alt som skjer under klimaforhandlingane i Lima, FNs klimasje Christiana Figueres seier Lima er avgjerande for om det blir ein avtale på neste klimamøte.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

To veker med forhandlingar går mot ein avgjerande innspurt. I dag er miljøvernministrar frå heile verda på plass for å ta over stafettpinnen frå forhandlingsleiarane. Den såkalla høgnivådelen er dermed i gang.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft kom til Lima i natt norsk tid, saman med fleire stortingsrepresentantar som er med i den norske delegasjonen. I alt er det rundt 5.000 utsendingar frå nær 200 land i Lima no.

I løpet av veka skal eit utkast til Paris-avtale skal vere klart - det skal også ei skisse til kva som må gjerast i tida fram til møtet i Paris om eitt år.

NRK møter ho som er sjefen for alt som skjer her - FNs klimasjef, Christiana Figueres.

– Lima avgjerande for Paris

– Utfallet her er heilt avgjerande. Utan suksess i Lima blir det ingen suksess i Paris, det er heilt klart, seier Figueres.

– Korfor er det slik? Det er jo eit heilt år til Paris-møtet?

– Erfaringane frå klimatoppmøtet i København i 2009 seier oss at styresmaktene må få god tid på seg til ein grundig gjennomgang av utkastet til avtale. Den gongen var det altfor knapp tid. Vil vil at dei ulike landa skal ha eit heilt år til å arbeide med avtalen og førebu seg. Det er dette utgangspunktet vi vil få på plass her i Lima, seier Figueres.

– Vi starta med optimisme, og vi må framleis vere optimistiske, legg ho til.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Klimatoppmøtet i Lima

Folk slappar av i sommarvarmen innimellom slaga.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Motstridande interesser

Ola Skaalvik Elvevold

– Det ser dessverre ut som folk har svært god tid her, seier klimarådgjevar Ola Skaalvik Elvevold har følgt forhandlingane som representant for Naturvernforbundet og ei rekkje andre frivillige organisasjonar.

Foto: Eivind Molde / NRK
Andrea Rodriguez

– Dei veit ikkje ein gong kva som skal vere kladden til avtaleutkastet, seier ein lite imponert Andrea Rodriguez frå Bolivia.

Foto: Eivind Molde / NRK

Aslak Brun er norsk forhandlingsleiar, og summerer opp slik framfor innspurten:

– Det er sterke motstridande interesser. Slik eg opplever det, har ikkje landa nærma seg kvarandre i løpet av den første veka. Så får vi håpe det blir framgang denne veka, seier han.

– Har forhandlarane fått klart eit dokument som kan leggjast fram for politikarane no når høgnivådelen av konferansen startar?

– Nei, det har vi ikkje. Vi har fått eit nytt dokument som vi skal sjå på ein gong til, men framleis er det forhandlarane som må følgje opp, vi har ikkje eit ferdig utkast til politikarane, seier Brun.

– Kva er dei største stridsspørsmåla?

– Det handlar mellom anna om korleis landa sine utsleppsmål skal presenterast. Desse måla skal meldast inn i første kvartal neste år, og derfor må vi bestemme dette her i Lima. Spørsmålet er om utsleppsreduksjonar åleine skal reknast med, eller også det å kunne tilpasse seg klimaendringar.

– Folk har det ikkje travelt her

Klimarådgjevar Ola Skaalvik Elvevold har følgt forhandlingane som representant for Naturvernforbundet og ei rekkje andre frivillige organisasjonar.

– Så langt er det dessverre ikkje så mykje som tyder på at folk har det travelt her. Vi får tru det endrar seg no når politikarane kjem. No blir det alvor, no må vi ha resultat.

– Korfor går det så tregt?

– Mange land står framleis på dei posisjonane dei har hatt i mange år. Men før eller seinare må dei jo begynne å sjå at det må forandring til dersom det skal bli ein avtale. Tida begynner å bli knapp, seier Elvevold.

Andrea Rodriguez frå Bolivia har, som Elvevold, også følgt forhandlingane den første veka. Ho representerer ein frivillig organisasjon, og er ikkje imponert.

– Representantane for dei ulike landa veit ikkje ein gong kva som skal vere kladden til avtaleutkastet, det er ikkje ein gong semje om prosessen som skal føre fram til eit utkast, seier ho.

Fredag ettermiddag skal klimaforhandlingane i Lima avsluttast. Då er det Paris neste.