Unge arabarar mobiliserer for klimasaka

DOHA (NRK): Arabiske ungdommar markerer seg for klimakutt i Qatar.

Unge arabarar mobiliserer for klimasaka

UNGE STEMMER: Fredag demonstrerte mange unge arabarar på konferansesenteret der klimaforhandlingane pågår i Doha. Aktivistar frå over 15 arabiske land prøver å få sine eigne leiarar til å redusere klimautslippa innan 2020.

Eivind Molde i Doha

Mange av ungdommane har ropt slagord før. Dei var aktive då revolusjonane i den arabiske verda førte til at leiar etter leiar måtte gå.

No er dei her på klimakonferansen i Qatar. Det nye klimanettverket med arabisk ungdom har ein klar beskjed.

– Vår bodskap i Qatar er å vise internasjonale leiarar, og spesielt dei arabiske, at arabiske ungdommar eksisterer. Vi er her for å vise at vi bryr oss om jorda, og vi jobbar hardt for å få desse forhandlingane til å bli tekne seriøst, seier Ali Fakhry frå organisasjonen IndyACT.

Fredag demonstrerte dei på konferansesenteret der klimaforhandlingane pågår i Doha.

Ali Fakhry, IndyACT

– Vår bodskap i Qatar er å vise internasjonale leiarar, og spesielt dei arabiske, at arabiske ungdommar eksisterer, seier Ali Fakhry frå organisasjonen IndyACT.

Aktivistar frå over 15 arabiske land som Qatar, Mauritania, Marokko, Jordan, Libya, Tunisia, Dei forvenda arabiske emirater, Palestina, Libanon, Irak, Algerie, Sudan, Oman, Egypt og Bahrain jobbar for å få sine eigne leiarar til å redusere klimautslippa innan 2020.

– Dei vil høyre

Utsendingar frå nesten 200 land er samla i Qatar til forhandlingane. Dei har komme til eit land som er i kraftig vekst, eit land som har dei største utsleppa av CO2 pr innbyggjar i heile verda.

Medan Noreg og Brasil har fått å oppdrag å dra i land ein ny avtale, ventar ungdommane utålmodig utanfor møteromma. Det arabiske ungdomsnettverket trur dei skal få gehør hos politikarane.

– Dei vil definitivt høyre etter det som har skjedd, med maktskiftet mellom dei unge og styresmaktene i dei arabiske landa. Stemmene våre vert høyrde, og dei vil høyrast godt i framtida, seier Fahkry.