Hopp til innhold
Klassequizen BANNER - deskop

Tek juleferie med full poengpott

Fem ungdomsskular kan ta juleferie med full pott i NRK si storsatsing Klassequizen.

Klassequizen 2012

Desse 15 elevane har sørga for full pott til sine klassar.

Foto: Montasje: Per Kristian Johansen / NRK

– Det er flott å vite at vi er vidare med god margin. Juleferie føles med det fortent. Eg blir stolt av at det berre er fire andre lag i landet som er like gode. Vi bør ha gode sjanser for å gå vidare, seier Ole-Kristian Solberg frå Risum ungdomsskole i Østfold.

Saman med Peter Norderhaug og Pernille Dyrnes sørga han for full pott og tolv poeng til Risum ungdomsskole.

Tett i toppen

Tolv poeng blei det også til Hedmarken friskole i Hedmark, Gjøklep ungdomsskole i Vestfold, Dragedal 10-årige skole i Telemark og Ingieråsen skole i Akershus.

Ti av skulane som har vore i elden greidde elleve poeng, mens 15 skular kan notere seg ti poeng før juleferien.

Nye rundar i januar

På nyåret blir det nye rundar. I alt 314 skular er med i dei innleiiande rundane som blir sendt i distriktskontoras morgen- og ettermiddagssending på NRK P1.

I februar skal de to beste laga i kvart fylke møtast i ein semifinale. Vinnaren går videre til den store landsfinalen i Oslo, som blir sendt på NRK1 laurdag 11. mai i beste sendetid.

– Fram mot semifinalen skal eg ta til meg det eg kan av informasjon på skulen og i media, seier Ole-Kristian Solberg frå Risum ungdomsskole.

Han får støtte frå lagkameratane.

– Eg skal følgje med på aktuelle saker, er svaret frå Pernille Dyrnes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Korleis går eigentleg Klassequizen føre seg? Selda forklarar deg!
Sjå direkte frå Standebarm skule. Havsun, Peder Elias og Sval held konsert. Agnetesh kjem og!

Disse artistene hyllet Klassequizenvinnerne

Klassequiz finale 2019 fra Troms fylke

Finnsnes og Bardufoss vant Klassequizen i Troms

mP3-Martin besøkte Klassequiz-vinnerne

Halsa og Ytre Herøy vann Klassequizen

Kvåle og Gloppen gjekk vidare i fylkesfinalen

Her kan du sjå heile finalen i Klassequizen