P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Tragedie om bygdene døyr ut

"Det vil være ei nasjonal tragedie viss bygdene blir rasert og døyr ut"

Publisert 01.06.2005 10:38.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Tania Ripoll

NAMN: Knut Buen
ALDER: 57 år
BUSTADSKOMMUNE: Tuddal i Hjartdal
SIVILSTATUS: Gift
BARN: 8 barn
STILLING: Felespelar

Rundt 100 dagar i året er Buen på oppdrag med fela under armen. Når han ikkje er ute og reiser brukar han mykje tid i Buen Kultursenter i Tuddal, der han er ein etterspurd rosemålar.

Knut Buen er spelemann og reiser rundt 100 dagar med fela på armen. Foto: NRK
Buen ynskjer å ta med seg til ei P-1 regjering kunsten å lytte, som han meiner er truga.

- Det er ein kunst å spele fyrstefiolin, men kanskje ein vel så stor kunst å spele andre fiolin. Det å vere ein god støttespelar til andre er like viktig som å få gjennom sine eigne synspunkt, særleg i politiske samanheng og i samfunnsmessig samanheng, seier Knut Buen.

- Eg er ein tradisjonssamlar, eg, seier Knut Buen.

Men ser også at det ikkje alltid er like uproblematisk.

Farleg å grave seg ned

- Det som er farleg med å grave seg ned i det som har vore er at du kan bli det som ein kallar eit kjellarmenneskje, negativ til nytenking, slik at ein bare ser positivt på det som har vore.

Det ynskjer ikkje Buen å vera, men meiner likevel tradisjonsbakgrunnen hans er ein fordel.

- Det er ein stor fordel å kunne soga au, det gir ein innsikt og visdom, seier spelemannen.

Buen brenn tilliks med fleire av dei andre P-1 kandidatane for at Bygde-Noreg skal overleva, men han ser at folk på landsbygda er ein minoritet i Noreg.

Må sjå verdiane i bygdene

- Vi som kjem frå bygda vil gjerne at bygdane skal leva. Men det er ikkje det same som å vera negative til byane, der dei fleste bor.

- Vi må sjå verdiane i byane, og være positive til sosialdemokratiske ordningar der sjølvsagt store løyvingar må gjevast til byane på grunn av folketalet.

Likevel meiner Buen at ein vil tape på å oversjå bygda si rolle i landet.

- Det ville vera klokt i alt styresett å ikkje køyre over dei verdiane som ligg i minoritetane i samfunnet. Det gjeld også bøndene og dei som held oppe bygdesamfunna.

- Det vil vere ei nasjonal tragedie viss bygdene blir rasert og døyr ut. Vi vil miste mykje av identiteten og den gode stemningen i fedrelandet viss bygdene blir lagt øyde.

Utfordring å vere kokurransedyktig

- Men vi er i mindretal, så vi kan bare appelere til klokskap og sunn fornuft i heile folket, seier Buen.

Den største utfordringa som vi står framfor i framtida meiner spelemannen er å vere konkurransedyktige i forretningslivet og arbeidslivet.

- Verda er full av folk som vil ha arbeid, seier han.

- Vi er bortskjemt i Noreg og vil ikkje jobbe utan topplønn. Det er ei stor utfordring å få bedrifter og folk til å bli i Noreg.

Det viktigaste i Knut Buen si personlege tru er tilliten, seier han. Men når det handlar om religion meir generelt så er han kritisk.

Har ikkje fritidsproblem

- Vi bør begynne å takke dei som gjer jobben, i staden for å sende helsinga over alle haugar oppi lufta, det er ein kollektiv galskap! Takkar du for den gode gjerninga til menneskje så takkar du også Gud! seier Buen.

- Eg håpar at vi ikkje i framtida held så fryktelig på livslygnen som det vesentlegaste, men kjem fram til dei varige tverr-religiøse verdiane.

Fritidsproblem har ikkje Buen.

- Eg ser det ikkje som eit privilegium å gå rundt utan noko i hovudet. Fridom er det å få gjere det ein har lyst til, seier Buen.

- Å lese ei bok, ta ein tur, treffe og prate med folk. Mitt privilegium er sjansen eg har til å slappe av med eigne interesser mellom avtalte oppdrag.

Vil ikkje hovere

På spørsmålet om kva han er mest stolt av i sitt eige liv svarar spelemannen at ordet stolt skal ein vere forsiktig med å bruke, det kan lett bli negativt lada. Men han har ei god kjensle av å vere frå Noreg, og bli lika i utlandet.

- Som nordmenn har vi ikkje dårleg rykte i utlandet, og det er eit veldig hederleg utgangspunkt som vi bør vera glade og takksame for.

- Men vi kan ikkje hovere, føyer Buen til.

- Viss vi blir for stolte misser vi sympati. Vi skal tenke på dei som sit igjen på ein ruinhaug ute i verda, og likestille oss med innleving i deira skjebne, meiner han.

Knut Buen har ikkje noko favorittbok. Han oppdagar heile tida nye ting som han blir forelska i, seier han.

Ser godheita i menneskje

- Å bli forelska får deg til å lette, får deg stadig lada på nytt. Dermed er den siste boka han har lest den han vil trekke fram. Det er ei filosofibok av Gunnar Fredriksson med tittelen "Tjuge filosofar".

Det som gjer Buen mest glad er når han ser godheita i menneskje.

- Det er det einaste glimtet du har av det du kan kalle Gud, seier Buen. Det som provoserer ham mest på den andre sida er dei som vil vondt, seier han.

- De som vil oppnå utbytte ved å gå uheiderlege vegar som går ut over andre.

Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no