P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Visjonen frå Osterøy

Ho har ein draum om å fjerna "kostnadseffektivitet" frå det norske ordforrådet. Gunnlaug Binningsbø er kandidat til P1-regjeringa.

Publisert 26.05.2005 16:05. Oppdatert 26.05.2005 17:46.
Av Eli Bjelland

Gunnlaug Binningsbø. Foto: Eli Bjelland/NRK
- Alt skal reknast på i dag, og alt skal svara seg. I dag brukar me slike ord som "kostnadseffektivitet" óg om menneske. Heilt frå me vert fødde vert det satt ein pris på kva me kjem til å kosta, seier Binningsbø.

Alt kan ikkje effektiviserast

Slike kalkuleringar vil ho ha vekk. Sjukepleiaren vert sint når ho høyrer økonomar som seier at helsevesenet må verta meir effektive. "Meir helse for pengane" er ikkje eit slagord ho har mykje til overs for.

- Eg trur at me som har vore innom sjukehusa, anten som tilsette, pasientar eller pårørande, vil seia at dei gjer ein god jobb der. Kanskje dei vil at sjukepleiarane skal lærast opp til å stella to pasientar samstundes, spør ho.

I lærarknipa

Som lærar på vidaregåande skule ser ho óg at utviklinga i skulen heller ikkje går den vegen ho vil. Reformar og samanslåingar av klassar utan å auka lærarkapasiteten meiner ho er tull.

- Mange ungar kan nesten ikkje lesa og skriva når dei går ut. Slik går det når ein skal effektivisera og skapa konkurranse gjennom nasjonale prøvar, meiner Gunnlaug Binningsbø.

Evnen til omstilling

Det aller viktigaste for Binningsbø, er tryggleik og nytenking. Ho måtte sjølv tenkja over livet sitt på nytt då ho brått mista mannen sin i kreft for sju år sidan. Åleina sat ho igjen med tre døtre.

- Ein må ha evna til å sjå nye moglegheiter. Når ei dør lukkar seg, er det alltid ei anna dør ein kan gå inn. Evnen til omstilling er gull verdt, fortel ho.

Det verste Gunnlaug Binningsbø ser for seg, er at ho som 90-åring sit på ein sjukeheim og er misnøgd med alt ho ikkje kunne kjøpa seg i livet.

- Det einaste eg vil er å tenkja på alle dei gode opplevingane eg har, avsluttar ho.

Dette er Gunnlaug Binningsbø:


Namn: Gunnlaug Binningsbø

Alder: 49 år

Sivil status: Enka

Born: 3

Stilling: Sjukepleiar/lærar

Fritidsinteresser:
Bøker, reiser, fjellturar, kunst og musikk.

Mest stolt over i eige liv:
Ungane mine, og at eg klarte å gje mannen min ein verdig død.

Mest uroa for i Noreg i framtida:
Meir egoistiske, forvaltinga av oljeformuen vår.

Favorittbok:
Mange, den siste eg las og kosa meg med var "Piken med perleøredobb" av Tracy Chevalier.

Gjer meg mest glad:
Når ungane lukkast og soloppgong i Italia.

Provoserer meg mest: Skråsikre og intolerante folk.

Det viktigaste i mi tru: Kjærleik og tilgjeving.

Nordmenn sine tre beste sider:
Ærlege, gåvmilde og arbeidsame.

Noreg sine tre største fordelar:
Naturen, velferdsstaten og allmannaretten.

Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle slags folk i tida framover:
Toleranse, fredsvilje og empati.

Kva kjenneteiknar (Noreg i) verda om 100 år:
Meir fleirkulturelt, reinare land, meir miljømedvitne og eit høgteknologisk land.

Førebilete:
Menneske som klarer å kanalisera traumatiske opplevingar over i noko positivt. Til dømes mora til Stine Sofie i Kristiansand.

Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no