P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Brenn for dei frivillige

- I ei P1-regjering vil eg legge inn støtet for dei frivillige organisasjonane og distriktspolitikk, seier andre Opplandskandidat, Kjærsti Gangsø frå Vågå.

Publisert 26.05.2005 13:02.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Ingvild Bjørklund Wangen

- Eg har fått eit betre liv etter at eg flytta frå Oslo til Vågå for snart fire år sidan, seier Kjærsti Gangsø.

Ho tykkjer det er topp å bu på bygda, og er opptatt av at vi ikkje får eit samfunn med passive innbyggjarar.

Kjærsti Gangsø (foto: Ole Martin Ringlund/NRK)

Mange tillitsverv

Dersom ho kjem med i ei P1-regjering, vil ho legge inn støtet for dei frivillige organisasjonane og for disktriktspolitikk.

Kjærsti Gangsø er dagleg leiar i Folkekulturforbundet i Vågå. Ved sida av jobben har ho mange tillitsverv og er engasjert i mykje.

- Berikande

Ho driv med folkedans, er leiar i Vågå idrettslag, leiar av FAU på Vågåmo skule, liker å lese, gå tur, og studerer litt innimellom.

- Å vera aktiv i ein organisasjon er ein måte å løfte i flokk på som er så motiverande og engasjerande, fordi vi blir rike! Vi kjem som dei vi er, og det har ingen betydning om du er direktør eller arbeidsledig. Du er der og jobbar med noko du trur på, seier Gangsø.

Respekt og toleranse

I livet sitt er ho aller mest stolt av dei tre borna sine. Ho er elles glad i å vera saman med andre menneske, allsong og å danse.

Det viktigste i trua hennar er at ting alltid kunne vore verre. Tre kjerneverdiar ho vil trekkje fram i forholdet mellom alle slags folk i tida framover er respekt, toleranse og nysgjerrighet.

Dette er Kjærsti Gangsø

NAVN: Kjærsti Gangsø
ALDER: 44
SIVIL STATUS: Gift
BARN: 3
STILLING: Dagleg leiar i Folkekulturforbundet

MEST BEKYMRA FOR I NOREG I FRAMTIDA: At vi blir eit samfunn med passive innbyggjarar som berre er opptatt av seg sjølv og ikkje deltek i fellesskapet for å byggje eit innkluderande samfunn.

FAVORITTBOK: Les mykje, mest krim. Den boken eg hugsar best er den fyrste "Mio min mio" av Astrid Lindgren.

PROVOSERER MEG MEST: Sutring og klaging.

NORDMENNS TRE BESTE SIDER: Dugnadsånd, lysten til å bidra for felleskapet og evne til å kose seg over lite.

NOREGS TRE STØRSTE FORDELAR: Tryggleik gjennom offentlege velferdsgode, god økonomi og natur.

KVA KJENNETEIKNAR NOREG I VERDA OM 100 ÅR: Eg håper det bur folk over heile landet, at vi framleis har rimeleg god økonomi, at vi lever i god forståing og nær samhandling med resten av verda, har langt fleire innvandrarar enn i dag - men ikkje opplever det som skremande, vi har eit levande kulturliv og framleis et eige språk.

FORBILDE: Gro Harlem Brundtland

Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no