P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Romantikar mot jantelova

Anna Stina Næss vonar kjærleiken ein dag skal kunna slå seg på kneet og seia: "Ha, eg vann!" Kunstnaren frå Hardanger er nominert til P1-regjeringa.

Publisert 20.05.2005 14:36.
Av Eli Bjelland

Anna Stina Næss er kandidat til P1-regjeringa. (foto: Eli Bjelland/NRK)
Ho er sjølvstendig næringsdrivande kunstnar frå Øystese med mann og ein son på to år. Då er det kanskje ikkje så overraskande at kampsakene hennar er kulturpolitikk, distriktspolitikk og familiepolitikk.

Kunstnarar

- Me treng meir kultur, me treng fleire kunstnarar, og me treng ein aksept for at dette er viktig, slår keramikaren fast.

Kultur og kunst får fram kjensler i folk, og 30-åringen er lei av at dette er fråverande i den politiske valkampen.

Kjensler er det mykje av når Næss snakkar om si andre kampsak óg, nemleg levande bygder.

Levande bygder

Engasjementet starta då ho flytta til Øystese. Trass eit utal tomme hus, var det vanskeleg å finna eit å bu i.

- Rike romantikarar som brukar draumehuset sitt i distrikta to gongar i året set ein stoppar for dei levande bygdene. Det må koma bestemmelsar på at dei som ynskjer å føra bygda vidare, må få fyrsteprioritet på desse husa, meiner Næss.

Framtida

Resultatet av framtidsutviklinga, slik kunstnaren ser det, er nedskjæringar, nedleggingar og effektivisering.

- Då slår me foten av oss sjølve, seier ho oppgitt, og fortset.

- Det er viktig at om hundre år så er det fortsatt ein spiker som må slåast inn og ein sokk som må stoppast.

Integrér!

Ho slår eit slag for at alle ressursane i Noreg vert nytta maksimalt, og siktar spesielt til innvandrarane.

- Dersom integreringa hadde gått fortare, ville dei raskare kome seg ut i samfunnet. Dei er her, og dei skal vera her om hundre år, og det er viktig å kunna seia til dei at dei kan få til noko her om dei vil det, påpeikar ho.

Dette er Anna Stina Næss:


Namn: Anna Stina Næss

Alder: 30 år

Born: Ein 2-åring

Stilling: Sjølvstendig næringsdrivande kunstnar

Fritidsinteresser:
Hage, god mat med ein god prat og tur i skog og fjell.

Mest stolt over i eige liv:
Å snu stryk på stryk i teoretiske fag til nytt liv med praktisk kunstnerisk utfalding.

Mest uroa for i Noreg i framtida:
Jantelova, bygdedyret og miljøproblem.

Favorittbok: Donald Pocket nr. 176

Gjer meg mest glad:
Å få nok søvn og uoppfordra kyss frå mann og son.

Provoserer meg mest:
-At fattige romantikarar ikkje får tilslag på hus i tettstadene fordi rike romantikarar kjøper dei til fritidsbruk.

-Mangel på aksept for kunst og kultur som ei viktig dagleg kjelda til overleving.

-Mangel på estetisk dømekraft hjå dei som skal seia ja eller nei til byggjeprosjekt (det er tut og køyr og lag eit bygg som passar mitt budsjett).

-At godt utdanna invandrarar blir sett til å plukka bos.

-At jantelova og bygdedyret framleis får herja land og strand og trykka folk ned.

Det viktigaste i trua mi:
At kjærleiken ein dag kan slå seg på kneet og seia: "Ha, eg vann!"

Nordmenn sine tre beste sider:
Passe tilbakelente, jordnære og internasjonalt orienterte.

Noreg sine tre største fordelar:
Masse plass, fire deilige årstider og mykje godt vatn.

Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle slags folk i tida framover:
Respekt, rausheit og humor.

Kva kjenneteiknar (Noreg i) verda om 100 år:
At me framleis lever av det jorda gjev oss.

Førebilete:
Trond Viggo Torgersen for si fantastiske evne til å blanda alvor og humor.

Min gode mann Knut Markhus for generøsiteten.

Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no