P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Kongen av Fusa

Morten Holmefjord er kandidat til P1-regjeringa. Foto: Eli Bjelland / NRK
Morten Holmefjord er kandidat til P1-regjeringa. Foto: Eli Bjelland / NRK

Med galla og stolte innbyggjarar skal Fusa verta eigen stat. Kongen er allereie på plass, og no vil han ta med seg kjerneverdiane sine inn i P1-regeringa.

Publisert 19.05.2005 16:35. Oppdatert 19.05.2005 16:39.
Av Eli Bjelland

- Identitet, interesse og folkestyre, listar visekongen i Fusa, Morten Holmefjord, opp.
Dette er oppskrifta hans på ein lukkeleg stat i framtida.

Galla for identitet

- Fusaidentiteten fins ikkje. Difor må han skapast, byrjar visekongen, som i mars arrangerte vinterball for innbyggjarane i Fusa for å samla dei.

- Både bedehusfolk og dansefolk frå alle grendene i Fusa møtte opp. Dette er symbolsk svært viktig for å samla folket. Mange kommunar er små, og dersom det ikkje er eit samhald i desse, vil dei bli selde i delar, meiner Holmefjord.

Lært opp til skam

For det er for auka sjølvstyre i kommunane i distrikts-Noreg Holmefjord brenn mest for. Mest kjend er han for sine visjonar om Fusa som eigen stat.

Men for å få innbyggjarane med på denne tanken, må dei vera stolte, og ikkje bryta om på bymål når dei reiser frå bygda.
Det er her hans andre kjerneverdi kjem inn; interesse.

- For å ha interesse for den staden du bur på, må du vera stolt av han, poengterer Holmefjord, og fortset.

- Det er ingen som orkar å engasjera seg for ein plass dei skjems over. Og skam er jo noko folk på bygda vert lært opp til, meiner visekongen.

Marknadsføring

Interesse ligg det óg i tanken hans på å marknadsføra kommunar utad. Sjølv er han som ein levande salsplakat for Fusa kommune når han reiser rundt som Visekonge av Fusa.

- Dersom ein vil ting nok, så er det mogleg, lanserer han som det viktigaste i trua hans.

Dette er Visekongen av Fusa

Namn: Morten Holmefjord

Alder: 30 år

Sivil status: Ugift

Born: Ingen

Stilling: Visekonge av Fusa

Fritidsinteresser: Lesing og skriving

Mest stolt av i eige liv: Kongedømet

Mest uroa for i Noreg i framtida: Folkestyret

Favorittbok: "Den uendelege historien" av Michael Ende

Gjer meg mest glad: Positive personar

Provoserer meg mest: Ureflektert surmuling

Det viktigaste i mi tru: Alt er mogleg

Nordmenn sine tre beste sider:
Likheitstanken, den "fornuftige" snillismen og omsorg for andre

Noreg sine tre største fordelar:
Økonomi, i ein fredeleg verdsdel, relativ homogen befolkning

Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle slags folk i tida framover:
Toleranse, respekt, folkestyre

Kva kjenneteiknar (Noreg i) verda om 100 år:
Verst tenkjeleg scenario: seld på auksjon
Best tenkjeleg scenario: eit tolerant samfunn med omfattande indre sjølvstyre for kommunane, minus Fusa, som er blitt anerkjend som eigen stat

Førebilete:
Kong Olav

Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no