P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

100 nominerte!

I sluttspurten kom forslaga på kandidatar på rekkje og rad i Hedmark og Oppland.

Publisert 03.05.2005 11:27.
Av Ingvild Bjørklund Wangen

Mange nytta sjansen heilt på tampen til å forslå personar dei meiner kan passe i ei P1-regjering.

I Oppland har det kome inn om lag 60 forslag, i Hedmark er det circa 40 nominerte.

Under kan du sjå lista over dei nominerte frå ditt fylke:

KANDIDATAR FRÅ OPPLAND

KANDIDATAR FRÅ HEDMARK

Personkampanje

På listene frå begge fylka er det ein del namn som vil vera kjent for dei fleste, medan andre er meir ubeskrivne blad. Menn og kvinner, gamle som unge, er representert på listene.

Ein del personar er foreslått av fleire, og den som er foreslått desidert flest gonger i Innlandet er Hans Christian Medlien, kjent frå Lucky Næroset i Ringsaker.

Det kan nesten sjå ut som det har vore ein eigen kampanje for å få Medlien inn i P1-regjeringa, han åleine har fått over 40 nominasjonar frå Hedmark!

Onsdag skal juryane i Hedmark og Oppland samlast for å plukke ut 5 kandidatar frå kvart fylke som går vidare til ein "fylkesfinale."

Enorm respons

NRK P1 har opplevd ein enorm respons på P1-regjeringa. Hittil har lyttarane kome med godt over tusen forslag til personar som er spesielt godt eigna til å tenkje 25 stortingsval fram i tid i forhold til heim og familie, helse og Norge i verda.

- Det har strøymd inn med namn på mange veldig spennande og ulike kandidatar. Sjarkfiskarar, politimenn og prestar er alle representerte. Med over tusen nominerte blir det hektiske dagar for alle fylkesjuryane, seier Gunnar Garfors. Han er prosjektleiar for P1-regjeringa i NRK.

Frå og med neste veke blir kandidatane for kvart fylke presentert i P1s formiddagssendinger frå 11:00-13:00 og på NRK.no.

Deretter er det opp til lyttarane å avgjera kven som skal representere kvart fylke på Sem Gjestegård i midten av juni.

LENKER
Siste saker:
Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no