skilleTilbudet fra NRK NettradioskilleAre og Odin LIVEskille_slutt
Alltid folkemusikk  3_1_banner
Her er du: NRK.no > NRK Alltid Folkemusikk Sist oppdatert 20:52
Kontaktinfo:
Adresse:
Alltid Folkemusikk
RM31
0340 OSLO
Epost:
Hjelp:
Publikumssenter:
Tel: 815 65 900

 

Radiokanal nummer 10 på lufta

Kringkastingssjef John Bernander opna kanalen. Foto: NRK
Kringkastingssjef John Bernander opna kanalen. Foto: NRK
NRK Alltid Folkemusikk er heildigital, og er berre å høyre på DAB og Internett. Opningskonserten frå studio 19 inneheldt både urframføring og spesialskriven musikk.
Konserten kan du sjå i opptak i Nett-TV.
Sjå opningskonserten her
Høyr Alltid Folkemusikk her

Publisert 07.12.2004 19:36. Oppdatert 07.12.2004 20:52.
Radiosjef Nils Heldal og programleiar Leiv Solberg. Foto: NRK
Av Signe Karin Hotvedt, NRK.no

Dette er den fyrste radiokanalen frå NRK som berre vert sendt digitalt og på Internett. Det er også fyrste gong NRK systematisk tar i bruk det rikholdige digitaliserte radioarkivet sitt i stort omfang. Arkivet inneheld opptak frå 1934 og fram til i dag.

Nøyaktig klokka 19 opna Åsmund Nordstoga showet med eit nytt stev. Ja, han er kanalvert på TV, og bror av han med den hylande grisen...

Kanal nummer ni

Programleiar Leiv Solberg er spelemann og journalist, og har sjølv vore med og utvikla den nye kanalen.

Prosjektleiar Astrid Falck-Ytter får takk av Jorunn Hope, musikksjef i P2. Foto: NRK
Det var kringkastingssjef John Bernander som trykte på start-knappen kl 19.45. Og dermed var NRK Nettradio sin niande radiokanal "på lufta", om enn ikkje i tradisjonell forstand.

50 000 lydband

Radiosjef Nils Heldal fortalde at NRK satsar mykje på at DAB skal få rotfeste hos radiolydarane ved å tilby meir unikt innhald og byggje ut dekninga geografisk.

Arkivsjef i NRK, Bjarne Grevsgaard sa seg stolt over å kunne vise fram meir av dei unike skattane som ligger i NRK sine arkiv. Han lova at innhaldet vil vekse etterkvart som meir og meir innhald i arkiva vert digitalisert.

Tilsaman har NRK 50 000 lydklipp med folkemusikk. Berre ein brøkdel er hittil overførd frå lydband til datafiler.

Nettsjef i NRK, Are Nundal, overtar ansvaret for den nye digitalkanalen. Foto NRK

Uroppføring

Til opninga av den nye folkemusikkanalen vart det og spesialskrive musikk. Komponist Jorunn Marie Kvernberg har sett toner til Jan Magnus Bruheims dikt ­­"Då kom du".

Kvernberg spelte sjølv fele, og ho fekk følge av Ragnild Furebotten og Bjørn Odde. I tillegg spelte Irene Tillung akkordeon, Åshild Vetrhus sang og Sigrun Gomnæs spelte slagverk.

Gruppa Tindra (Kvernberg, Trillung og Vetrhus) spelte "Lørdagskvelden" og "Den store trasten". Og Bjørn Odde underheldt med springleik frå Gudbrandsdalen.

På "lufta"

Presis klokka 19.45 opna kringkastingssjef John Bernander den digitale kanalen formelt med eit tastetrykk. Dermed var NRK sin niande og nyaste radiokanal fødd.

Etter avtale med dei utøvande kunstnarane kan du sjå og høyre opningskonserten i opptak i Nett-TV i 30 dager.

Her kan du høyre den nye kanalen direkte: Nettradio: NRK Alltid Folkemusikk

LENKER

 
SE I NETT-TV
10 SISTE NRK ALLTID FOLKEMUSIKK
10 SISTE MUSIKK
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no