Ein liten omn kan varme meir enn du trur.
Men da må du vite om nokre hemmelegheiter.

Den fullkomne flammen

Nokre går lengre enn andre for å få varme i heimen.

Eit kratt i ein vegkant spruter av energi. Berre du veit korleis du gjer deg nytte av den!

Trea her kan bli den veden du treng for å halde deg varm gjennom vinteren.

Å tenne opp riktig er ein kunst. Men det blir enklare med tørr og god ved, lidenskap og litt kunnskap. Det handlar om å få mest mogleg ut av kvar einaste vesle flis.

Følg med, så kanskje du lærer noko?



Ole Trygve Pedersen og Erik Haugom frå Toten brenn for vedfyring. Moderne reintbrennande omnar er så gode at karane blir reint oppglødde. Såpass at dei har laga nettstaden Fyriovnen.no.


Når dei har fri arbeider dei med ved, og dei nyt den gode lukta av tre.


Osp, or, hegg og bjørk. Furu og rogn.

Alle treslag er egna til å fyre med, og fortener plass i vedstabelen.

Men veden må vere godt kløyvd!

Det kan aldri bli for mykje kløyving, seier Erik Haugom.

Også store karar vil ha små kubbar. I sekker du kjøper er ofte kubbane litt for store og brenn dårleg.

Deler du den i to eller fire får du mykje større brennflate, og meir energi ut av veden.

2x5x27 cm.

Så liten er faktisk den perfekte vedkubben.
Det seier i alle fall forskarar på SINTEF.

Da gjeld det å ha reiskapen i orden.

Dei to eldsjelene frå Toten har brukt mykje tid på å finne dei beste øksene. Så mykje at vi ikkje kan gå i detalj.

Men ei lita øks er like nyttig som ei stor, om ho er kvass!

Med god øks og mjuk ved om hausten, er det som å kløyve i smør.

Og nå skal veden i hus.

«Vedfyring er varme, lidenskap og kunnskap ...»

Ole Trygve Pedersen

Når du skal tenne opp må du ha ei viss mengde ved.

Les bruksrettleiinga som følger med omnen for å vere sikker.

Ca. 2 kilo er ofte passe for å få fyr i ein moderne omn med brennkammer.

Den som fyrar sørger for tørr og temperert ved. Ei vedkasse inne i gangen er lurt. Kald ved i omnen bruker mykje energi på å bli varm. Slik mister den effekt.

I vedkassa får veden også ekstra tørk.

Ein vednerd skaffar seg fuktmålar. God ved bør ha mindre enn 20 prosent fukt. Helst mindre.

For veden må vere tørr og kløyvd!

Alt ligg klar til fyring.

Ved i ulik storleikar.

Ole Trygve skal tenne opp frå toppen. Han begynner med rein omn.

Så bygger han bålet lag på lag, og med litt mellomrom mellom kubbane.

Småved er superviktig for å få fyr på bålet.

Men du kan trenge enda meir draghjelp.

Dette er kåser. Slike kan du spikke på kvelden (framfor omnen) og ha klar til opptenning neste morgon.

Men det er heilt greitt å bruke tennbrikettar eller spon også.

Alt er klart til å tenne opp. Bålet er bygd etter alle kunstens reglar. Og det er stort nok til å varme opp omnen og pipa skikkeleg.

Ole Trygve er trygg på at dette går bra.

Berre ei fyrstikk – og det tar fyr.

I nye, tette hus kan det hjelpe å sette omnsdøra litt på gløtt for å få fart på fyringa.

Nå er omnen i gang. Men du er ikkje ferdig sjølv om opptenninga er perfekt.

Ole Trygve passar på omnen heile tida. Justerer trekken.

Erik kallar Ole Trygve for ein Aktiv Operatør

Når opptenningbålet har brent nesten heilt ned og det er fine glør igjen, kan du legge på ved igjen. Men berre to vedpinnar om gongen, seier den aktive operatøren.

Da kan det vere fornuftig å la spjeldet stå i fred.

Da er det berre å kose seg i varmen!

Har du vorte så oppslukt av flammane at du har lese heilt hit?

Om omnen har slokna veit du kva du må gjere.

Eller les meir her på Fyriovnen.no

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal