Siri Sunde i Brøttum kirke.

SOKNEPREST: Siri Sunde i Brøttum kyrkje i 2017, der ho var sokneprest i ti år.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Portopnaren

Siri Sunde ville berre leve eit liv i sanning og kjærleik. I dag takkar mange henne for kampen ho måtte ta.

I bilen, på den kronglete vegen opp mot Torpa, gledde Siri seg. Snart var ho framme, klar til å starte prestegjerninga.

Det var snart jul. Synet som møtte Siri var ei vakker, kvitmåla, åttekanta kyrkje med ein liten «stubbe» av eit tårn. Vakkert plassert akkurat der bygda vidar seg ut mot Dokka. Ei romsleg kyrkje med plass til heile bygda om så var.

Åmot kirke i Nord-Torpa

EIT LANDEMERKE: Åmot er den største av 3 kyrkjer i den vidstrekte fjell- og skogsbygda Torpa.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Men viktigaste av alt var folka ho snart skulle møte, romslege dei og. Dei fleste tok varmt imot den nye presten. I Hamar bispedømme rådde «folkekyrkja». Den skulle vere open for alle, enten dei kom ofte eller sjeldan. Og folk flest gjekk til presten når dei trengde trøyst og sjelesorg.

Men ikkje alle, for Siri var ope lesbisk. Nokre meinte det var i strid med Bibelen og ikkje passa seg ein prest.

Snart kom sundagen da Siri høgtidleg vart sett inn i jobben i Åmot kyrkje. Bygdefolk, professorar frå universitetet, prestekollegaer og gode vener fylte benkeradene. Mange ville vise Siri si støtte. Og presteinnsettinga i Torpa vart ein nasjonal nyheit.
«Stor fest da Siri vart prest», skreiv Vårt Land.

Ein lesbisk prest

Allereie som teologisk student, hadde Siri Sunde vore open om legninga si. Ho hadde vorte intervjua i radio, og stilt opp i ei bok om å vere skeiv og kristen.

Ved Teologisk fakultet ved Universitet i Oslo, hadde ikkje Siri vore aleine. Fleire av medstudentane var ope homofile, og mange var aktive i Åpen kyrkjegruppe, eit kristent fellesskap for skeive.
Og ikkje minst, fleire av dei tilsette stod opp både for menneskeverdet til dei homofile, og retten deira til samliv

For i kyrkja var det skilnad på homofil legning og homofil praksis. Prestar hadde ikkje lov til å leve i partnarskap med ein av same kjønn.

Kravde eit løfte

Såpass kjent var Siri, at biskop Rosemarie Köhn på Hamar hadde sendt ut ei pressemelding før ho begynte i Torpa. Der forsikra biskopen om at ho budde åleine. Og biskopen hadde kravde eit løfte av henne: Ho måtte ikkje flytte saman med ei anna kvinne.

i53Ipx-j9rk

KRAV: Biskop Rosemarie Köhn i Hamar kravde ein lovnad av Siri Sunde. Lovnaden vart vanskeleg for dei begge.

Foto: Odd Steinar Tøllefsen / NTB

Kvifor ein slik lovnad? Jo, for like kjent som at Siri var lesbisk, var det at ho hadde ein kjærast, Eleanor Brenna. Dei to hadde vore saman i to år.

Lovnaden vart ei tung bør på skuldrene til Siri. Og Rosemarie Köhn kom til å angre på at ho hadde tvinga fram løftet.

Homokampen i kyrkja

I 1972 vart straffelova endra. Det var ikkje lengre kriminelt å vere homofil i Noreg. Og i 1993 kom partnarskapslova. Homofile kunne inngå partnarskap med same juridiske rettar og plikter som eit ekteskap.

For kyrkja vart det vanskeleg. For medan frigjeringskampen for lesbiske og homofile gjekk sin gang, meinte framleis mange i kyrkja at det var i strid med Bibelen å leve i homofilt partnarskap.

Rosemarie Köhn kom som biskop til Hamar i 1994. Innanfor kyrkja argumenterte ho for at alle måtte få leva saman med den dei elska. Difor hadde ho saman med nokre få kollegaer prøvd å få kyrkja til å endre seg. Gjennom utvalsarbeid og med forslag ho la fram i kyrkja sine møte. Men både Bispekollegiet og Kyrkjemøtet sa nei, både i 1995 og så seint som 1997.

Rosemarie bøgde seg, lova å følgje vedtaka og ikkje tillate at prestar levde i partnarskap i sitt bispedøme heller. Difor var ho så streng mot Siri, ho hadde sin eigen lovnad å halde.

Siri bryt lovnaden

I Torpa fekk den utadevendte nypresten mange gode vener. Ei av dei er Kirsten Sæteren Lande.

Ho minnast med glede tilbake på tida med Siri Sunde og kjærasten hennar, Eleanor Brenna. Dei var to opne damer som skapte liv rundt seg.

Men så starta dramaet.

Kirsten fortel om den varme sommardagen i 1997. Familien skulle på ferie, bilen var ferdigpakka. Tre ungar stabla i baksetet. Kirsten sjekka som snarast postkassa på veg ut porten. Der låg eit brev frå Siri og Eleanor. Eit slags «rundskriv» som dei sende til alle venene. No ville dei ikkje vente lengre. Dei inngjekk partnarskap same dag. Biskopen var varsla lenge før. Kyrkjedepartementet og alle prestekollegaene var varsla.

Kirsten visste at det vart bråk.

Å hjelpe meg! Eg vart så glad på Siri sine vegne, men samtidig veldig redd.

Kirsten Sæteren Lande
Kirsten Lande sat i soknerådet Torpa.
Kopier referanse

Eg greide ikkje lengre å velje mellom jobben og kjærleiken.

Siri Sunde
Siri Sunde i Brøttum kirke.

Same morgon, 28. juli 1997, troppa Siri og kjærasten Eleanor Brenna opp påTinghuset i Oslo, saman med nokre få gode vener og nær familie.

Høyr Siri bli intervjua av NRK rett etter at ho og Eleanor hadde inngått partnarskap.

Og Kirsten Lande fekk rett. Bråk vart det!

Det forelska paret hadde gjort kva dei kunne for å halde seremonien hemmeleg, men ein radiojournalist frå NRK Ukeslutt møtte opp ved Tinghuset, og kvar time gjennom dagen kom det i Dagsnytt: «I dag vart det skrive kyrkjehistorie då den lesbiske presten Siri Sunde inngjekk partnarskap». Siri tenkte at berre folk kom seg over sjokket, ville dette gå seg til. Ho og Eleanor var berre glade, dei feira partnarskap, så drog dei på ferie.

Måndagen etter var det i alle aviser.
Bergens Tidende hadde overskrifta «Et partnarskap til bry». Og Oppland Arbeiderblad skreiv «Løftebrudd ". Også dei som elles var liberale og meinte prestar kunne inngå partnarskap, var moralsk forarga.

Rosemarie Köhn på Hamar hadde ikkje noko val. Siri hadde brote lovnaden sin. Så snart Sunde var tilbake frå ferie, fjerna biskopen henne frå kyrkja i Torpa. Ho fekk gjere sekretæroppgåver på bispekontoret så lenge.

I Torpa aksjonerte kyrkjelyden. Dei ville ikkje miste presten sin, ho og Eleanor kunne meir enn gjerne få bu i lag.

Kirsten Sæteren Lande fortel at dei gjekk frå dør til dør og samla støtte. Snart troppa ein delegasjon frå bygda opp hos biskopen på Hamar med 700 underskrifter. Dei kravde at Siri fekk jobben tilbake.

Rosemarie bryt lovnaden sin

Underskriftslistene frå Torpa og støttebrev frå heile landet hjelpte ikkje. Permisjonen til Siri vart stadig utvida. Og debatten i kyrkja hardna til, mange kollegaer hadde vendt henne ryggen.
Snart hadde det gått halvanna år. Biskop Rosemarie Köhn kunne anten gje Siri jobben tilbake, eller si henne opp.

1. februar i 1999 innkallar Køhn til pressekonferanse i bispegarden på Hamar. Der les ho opp eit langt notat. Ho konkluderer med at ho gjev Siri tilbake stillinga som kapellan i Nordre Land.
Og der og da ber biskopen om orsak for at ho hadde kravd Siri lovnaden den dagen ho begynte.

Og nå vart det verkeleg spetakkel. Korleis kunne biskopen tillate dette? Dei sinte breva lét ikkje vente på seg.

Men i Torpa var det jubel. Folk gjekk til og med i fakkeltog for å vise si støtte, og allereie søndagen etter, var Siri Sunde tilbake som prest i Åmot kyrkje.
Igjen fyltest kyrkja. Media og folk frå Åpen kyrkjegruppe kom, men først og fremst bygdefolket. På Dagsrevyen kunne heile landet sjå kor mykje Siri betydde for folk i Torpa.

Veninna Kirsten, beskriv stemninga som forevetningsfull og magisk.
– Vi var så glade på vegner av Siri og på vegner av byda.

Siri Sunde stod framme i kyrkja og talte. Ho såg Eleanor sitte der. Forsamlinga lytta, det strøyma varme frå dei. Og presten kjende gullringen på fingeren og tenkte: «Akkurat nå er livet mitt heilt.»

Arkiva opnar seg

I Statsarkivet på Hamar kan dei som er interesserte nå få dokumentert kor tøff homokampen var i kyrkja på den tida. Arkivverket opnar mappene i samband med Skeivt kulturår.

Her ligg alle breva som biskop Rosemarie Køhn fekk da ho gav Siri Sunde tilbake stillinga som prest i Torpa. Nokre av brevskrivarane refsar biskopen.

Brev til Rosemarie Køhn i statsarkivet på Hamar

Frå heile landet kom det også venlege brev frå folk som støtta både Rosemarie og Siri.

Brev til Rosemarie Køhn

Breva Rosemarie Köhn fekk i 1999 vitnar om ei kyrkje med stor avstand mellom medlemmane. Dei harde breva frå dei som meinte dei synda, såra og sette spor.

–Det var vanskeleg å gle seg over all støtta vi også fekk, seier Siri Sunde.

«Hva skal vi med presten på prekestolen
hvis presten gjør skam på prestekjolen»

«Jeg kan med 100 prosent sikkerhet si, at du og din meningheter fortapt, om dere ikke snart vender om»

Brev til Rosemarie Køhn i 1999

Historisk avgjerd

Rosemarie Köhn si avgjerd er historisk. Det slår kyrkjehistorikar, professor Hallgeir Elstad ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo fast. Notatet Køhn les opp på pressekonferansen blir ståande som eit viktig teologisk dokument for ettertida.

Kyrkjehistorikar Halgeir Elstad.

PROFESSOREN: Hallvard Elstad er professor i norsk kyrkjehistorie på Teologisk fakultet. Han fortel at avgjerda Rosemarie Köhn tok står som eit viktig skilje i kyrkjehistoria.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I konklusjonen sin bruker ho kjærleiksbodskapen hos Jesus. Han inkluderer alle, og seier at alle må få leve eit liv i sanning.

Kyrkja endra ingen reglar etter avgjerda til Køhn. Men det var ingen veg tilbake. Etter at Hamar-biskopen gjekk framfor, aksepterte fleire og fleire biskopar prestar i homofilt partnarskap i deira bispedøme.

Først I 2017 innførte kyrkja vigselritual for to av same kjønn. Men framleis kan prestar nekte å vie homofile par.

Domus Teologica

Kyrkja har opna seg. Men kor mykje? I 2023 skal Jane-Victorius Bonsaksen frå Dovre søkje seg jobb som prest. Hen er ikkje-binær, og prestestudent på tredje året. Korleis vil kyrkja ta imot hen?

Jane-Victorius kjende seg absolutt ikkje modig da hen hausten 2018 rusla opp trappa til det Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

Skrifta over inngangen, så høgtidleg: Domus Teologica, ikkje akkurat draumestaden for skeive?

Korleis ville alle dei gamle professorane på fakultetet vere?

Jane-Victorius er prestestudent.

LANG VANDRING: Det har vore mange opp- og nedturar sidan Jane-Victorius stod fram som skeiv som 14-åring heime på Dovre, til hen stod fram som transperson som 17-åring. Men også i åra etterpå. Likevel altså, startar hen på utdanninga for å bli prest.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Kanskje var det betre å gå tilbake til skapet? Ein trygg stad å søkje tilflukt i ungdomsåra heime på Dovre. Nesten betre å gøyme seg der inni mørket, enn å stå fram som den ein var.

Ikkje så gamle professorar

Kyrkjehistorikar Elstad er forresten ein av dei gamaldagse professorane Jane-Victorius Bonsaksen kvidde seg for å møte.

Hen frykta utan grunn – og avslørte vel at hen ikkje kjente historia til studiet så godt. For det var her Siri Sunde først delte sin «skeive løyndom» til ein professor som seinare vart sjefen hennar, Rosemarie Köhn.
Her blir alle tatt godt imot, og møtt som likeverdige menneske. Slår Jane-Victorius fast. Fleire i klassa var skeive, og dei var to transpersonar.

Jane-Victorius liker å male.

SKEIVT KULTURÅR: Jane-Victorius teiknar. Hen skal stille ut bilda sine i samband med Skeivt kulturår. Som politisk nestleiar i Skeiv ungdom engasjerer hen seg sterkt for likestilling.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Aksepten

Med eit arbeidskrevjande teologistudium, og som politisk nestleiar i Skeiv Ungdom, har Jane-Victorius travle dagar. Hen gler seg til å markere Skeivt Kulturår, for kampen for aksept er ikkje over.

Kanskje ikkje det enklaste da å velje eit yrke der legning framleis er eit tema?

Den unge prestestudenten er trygg på kvifor hen vil bli prest. Det er for å hjelpe andre. 25-åringen meiner den erfaringa hen ber med seg kan vere ein styrke. For dei som kjenner seg utstøytte, dei som sørger, dei som treng nokon som forstår.

Jane-Victorius foran fakultetet.

HAR UNIVERSITETET I RYGGEN: Her på prestestudiet kjenner Jane-Victorius seg inkludert og respektert.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Men hen er meir usikkert på korleis hen blir vurdert som søkjar. Sikkert er det at Hamar, Oslo og Nidaros er rekna for å vere dei mest liberale bispedømma. Truleg er det altså ein stad mellom Oslo og Trondheim hen vil søkje seg jobb, med håp og tru om at evnene som prest tel meir enn kjønn.

Den vanskelege splittinga

Det har gått mange år sidan Siri Sunde opna porten for mange som kom etter.

– Ho er eit stort førebilete for meg og mange andre, ho var så modig. Seier Jane-Victorius.

Jane-Victorius og Siri har møttest før – i skeive samanhengar. Men ein gråkald dag i desember bringar vi dei saman igjen i Oslo Domkirke.

Siri Sunde er pensjonist, men stiller gjerne opp som prest om nokon spør henne. Slik ho gjorde akkurat her i Domkirka, da ho var med i gravferda til Kim Friele. Friele var forresten ei viktig støtte for henne og Eleanor i dei hard åra.

Jane-Victorius og Siri Sunde tenner lys.

LYSET FINST: Jane-Victorius Bonsaksen og Siri Sunde tenner lys for kjærleik og likeverd i Oslo Domkirke.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Siri er framleis sterkt engasjert i spørsmålet om homofile i kyrkja.

Ho stod i ein kamp som kosta mykje i fleire år. Ho vart ein offentleg person som mange kunne snakke stygt om.
Nå synest Siri Sunde at Den norske kyrkja har kome svært langt. Og at tida er inne for å akseptere også transkjøna prestar.

Men ho er splitta i synet på den splitta kyrkja. For den er det! Framleis får prestar lov til å si nei til å vie homofile. Men nå er det dei som er i mindretal. Og ho veit alt om kor vondt det er å vere minoriteten.

Siri Sunde. Her i Oslo Domkirke.

UNG PENSJONIST: Siri Sunde tek på seg prestejobbar innimellom. Og engasjerer seg stadig i homosaka i kyrkja.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Om ikkje vi aksepterer deira syn blir vi dei som fordømmer. Det er eit dilemma. Statskyrkja har framleis 3,5 millionar medlemmar. Da må ein rekne med eit stort mangfald.

– Kanskje vi må lære oss å leve med det? Seier Siri Sunde.

Jane-Victorius og Siri Sunde ved Oslo Domkirke.

FØREBILETE: For Jane-Victorius Bonsaksen har vegen Siri Sunde gjekk, og dei vala ho tok, vore ein inspirasjon.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Hei!

Har du tips om noko eg bør skriva om?

Les om Skeivt kulturår.