Henrik Martin Dahlsbakken
Foto: ARNE SØRENES / NRK

Propellregissøren

STRANDLYKKJA/OSLO (NRK): Det er full fart framover for filmregissør Henrik Martin Dahlsbakken. Heilt utan filmutdanning kjem 27-åringen snart med sin fjerde spelefilm på tre år.

Det er ein glasklar morgon i mai langs nye E6 like nord for fylkesgrensa mellom Akershus og Hedmark. Filmregissør Henrik Martin Dahlsbakken og crewet hans skal skyte ei scene i heimfylket, om enn berre så vidt. Nedanfor den påkosta rasteplassen med det knallraude toalettanlegget strekkjer Mjøsa seg dovent nordover mot Hamar, byen der alt starta. Men Dahlsbakken skal ikkje dit. Han har ein jobb å gjere, og akkurat no er den her, på ein rasteplass ved Strandlykkja.

Det er siste opptaksdag på roadmovien «Rett vest». Eller rettare sagt: Klart for opptak av ei ny scene Dahlsbakken har skrive inn. Vinteren er brukt på klipping etter at råmaterialet vart filma i haust, men regissøren såg at noko mangla i feelgood-dramaet om motorsykkelturen tvers gjennom Noreg. No går han kvilelaust rundt og småsnakkar med alle. Blid, men djupt konsentrert; prøver å få oversikt over alle ørsmå detaljar.

På ein benk, omgitt av meir eller mindre stressa filmfolk, sit Ingar Helge Gimle og Benjamin Helstad. Dei to spelar far og son, og er på veg vestover i ein motorsykkel med sidevogn. Målet er Ona Fyr, der dei skal delta i ein quiltekonkurranse med det siste teppet mor i familien laga før ho døydde. Relasjonen mellom dei er komplisert. Om det er fordi far likar seg best i kvinneklær er uvisst, men i allefall er stemninga trykka når dei no har stoppa på rasteplassen.

Maimorgonen langs Mjøsa glir over i ein strålande haustdag, og det er brått stille på settet.

– Kamera går! Og... action!

Filmopptak ved Mjøsa

...OG ACTION: Ingar Helge Gimle og Benjamin Helstad i ein heller komplisert far/son-relasjon i filmen "Rett vest". I forgrunnen filmfotograf Oskar Dahlsbakken.

Foto: arne sørenes / nrk

Inga filmutdanning

Som 19-åring kom ikkje Henrik Martin Dahlsbakken inn på Den Norske Filmskolen, eit tungt slag der og då. No er han glad for avslaget:

–Eg var ikkje moden for det, og hadde nok falt i gjennom.

Men unge Dahlsbakken måtte finne sin eigen veg, og hadde ikkje tenkt å gje opp. Han hadde historiar i seg som berre måtte forteljast.

Brødrene Dahlsbakk lager film om to brødre

DEN FØRSTE FILMEN: Henrik Martin Dahlsbakken på location under innspelinga av den første spelefilmen «Å vende tilbake» i 2015. Bak kamera broren Oskar Dahlsbakken, som har vore fotograf på mange av prosjekta til Henrik.

Foto: Lars Olav Dybvig / Slaughterhouse

– Eg er veldig opphengt og nesten besatt av disse filmgreiene, og ja, eg jobbar veldig mykje.

Avslaget frå Filmskolen vart ein drivar, ein motivasjonsfaktor, som han brukte for alt den var verdt. Han ville vise dei; filmskulefolka, filmbransjen, alle, men kanskje først og fremst seg sjølv at det er mogleg å lage film utan utdanning. Han skreiv manus, dag og natt, og produserte kortfilmar på løpande band saman med vennegjengen.

23 år gammal gjekk han i gong med det lange formatet. To år seinare, i februar 2015, var han klar for premiere på sin første spelefilm. Dramaet «Å vende tilbake» fekk blanda mottaking frå norske kritikkarar. Men filmen om to brødre på leit etter ein krigskada far, som i sin heilhet vart spelt inn i Rondane, Jotunheimen, Østerdalen og Ringsaker, kom på den norske kortlista til Oscar i 2015. Filmen vann også hovudprisen under Nordiske Filmdagar i Lübeck same år.

Året etter kom «Sensommer» ; ein film han skreiv til skodespelar Bente Børsum som alt hadde spela i fleire av kortfilmane hans. For rolla som aldrande og løyndomsfull forfattar i Sør-Frankrike vart Børsum nominert til Amandaprisen for beste kvinnlege hovudrolle i 2016. Seinare same haust kom thrilleren «Cave» , ein actionthriller som fekk gode anmeldelsar og vart sett av 25 000 på norske kinoar. I mellomtida rakk han også å lage kortfilmen «Takk for turen».

Henrik Martin Dahlsbakken vil ha oss til å tru at han ikkje har nokon medviten strategi når han pumpar ut filmar i stort tempo:

– Nei, men eg har masse på hjartet, seier han.

Henrik Martin Dahlsbakken på settet

REGISSØREN PÅ SETTET: Henrik Martin Dahlsbakken instruerer skodespelarane Henrik Mestad, Ine F. Jansen og Ingar Helge Gimle.

Foto: arne sørenes / nrk

Så mykje at filmbransjen, og ikkje minst, Den Norske Filmskolen etter kvart fekk augene opp for det unge filmtalentet. Tilbodet om skuleplass, direkte på masterstudiet i regi, kom under arbeidet med «Cave». Henrik vart smigra, han vart jo som han seier headhunta, men merka ganske fort at dette ikkje var det han hadde bruk for. Han byrja på filmskulen, men slutta etter kort tid:

– Det gjekk ut over prosjekta mine, sjølv om eg blei glad for tilbodet. Men nei. Eg er sjølvlærd. Sånn er det berre!

Mange vil jobbe med Henrik Martin

På settet på rasteplassen ved Strandlykkja er opptaka til den siste scena i full gong. Far og son på motorsykkeltur sit framleis på benken, men no har ein svart SUV stoppa like bortanfor. Ut spring ei spysjuke jente, ein gut i Spidermankostyme, og eit kranglete foreldrepar spela av Henrik Mestad og Ine Jansen. Dei to erfarne skodespelarane jobbar med Dahlsbakken for fyrste gong, og har små biroller i filmen. Begge sa raskt ja då dei fekk sjå manus og fekk spørsmål om å bli med:

– Han skriv så godt, seier Mestad. Du merkar at her er det talent, at det er ein som vil noko.

Opptak til fimen "Rett vest"

NORSKE STJERNER: Ine Jansen og Henrik Mestad i heftig krangel på rasteplassen. Sjå video frå prøvane til filmopptaket her. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Ingar Helge Gimle, som altså spelar far i kvinneklær i filmen, har jobba med Dahlsbakken på fleire prosjekt tidlegare. Han fortel om nysgjerrige kollegaer som spør om korleis det er å jobbe med denne unge fyren utan utdanning:

– Du merkar at han er begava, ikkje sant, svarar Gimle då.

Han skildrar Dahlsbakken som ein som vil noko, som ein ung mann med ei gammal sjel, ein med mykje kunnskap og kraft til å gjennomføre det han har starta på.

– Vi skodespelarar elskar å jobbe med sånne folk. Det er berre ein fornøyelse å vere med, rett og slett.

Kjente folk som Bente Børsum, Iben Akerli, Trine Wiggen og Anne Krigsvoll er også med i filmen. For Henrik Martin Dahlsbakken er ikkje skuggeredd. I kortfilmen «Takk for turen» som kom i fjor, fekk han med filmveteranar som Stein Winge, svenske Lia Boysen og ikkje minst Jan Malmsjø; ein mann som kanskje er mest kjent som biskopen i Ingmar Bergmanns «Fanny och Alexander», filmen som både vann Oscar og Golden Globe i 1984 som beste utanlandske film.

– Det er fordi dei elskar manusa hans, seier Gimle. Dei er truverdige rett og slett, og då får ein med skodespelarar frå øvste hylle.

Mestad og Gimle

ERFARNE FILMFOLK: Ingar Helge Gimle og Henrik Mestad under ein pause i innspelinga av siste scene til filmen «Rett vest».

Foto: arne sørenes / nrk

Berre bullshit

Henrik Martin Dahlsbakken merkar at filmbransjen har fått augo opp . No kan han, som han seier, ringe Svein Nordin, og Nordin veit umiddelbart kven han er. Tidlegare måtte han overbevise alt og alle; få folk til å forstå at han var verdt å jobbe med, trass i ung alder og inga utdanning.

– Det er deilig å sleppe å bevise noko heile tida, seier Dahlsbakken no.

Det var etter den første spelefilmen «Å vende tilbake» (2015) at ting byrja å skje. Etter mange år med hardt arbeid har Henrik Martin Dahlsbakken klart å etablere seg, og er for tida den mest produktive regissøren i den norske filmbransjen. No ringer folk til Dahlsbakken og vil jobbe med han:

– Skodespelarane har teft for det som er annleis. Dei vil gjerne jobbe med folk som kanskje gjer ting på litt utradisjonelle måtar.

Kllipperom

I KLIPPEROMMET: Dahlsbakken vil gjerne jobbe med dei beste folka. Tidlegare har han stort sett klippa filmane sine sjølv, men på «Rett vest» har han fått med den erfarne redigeraren Vidar Flataukan, som m.a har klippa «Hodejegeren».

Foto: arne sørenes / nrk

Men det er også skepsis å finne i enkelte delar av den etablerte filmbransjen. Henrik har opplevd manglande anerkjennelse og det han kallar fordommar mot seg sjølv og det han står for. Det er ikkje alle som synest det er like lett å applaudere folk som kjem frå det store intet og får gjort ting i ein rasande fart.

– Jantelova er jo ein klisjè, seier han, med det er klart at det er noko der. Litt sånn; «du skakke komme her og komme her», liksom...

For Henrik har dette ført til mykje tviling på om det han driv med er bra nok. Men han har bestemt seg for å stole på seg sjølv, og på eigen intuisjon. Han vil fortelje dei historiane som er viktige for han, og så får det bli som det blir med resten. Jantelova har han ikkje tenkt å bøye seg for:

– Det blir for dumt. Den er berre bullshit, spør du meg!

Høyr Dahlsbakken fortelje om den krevjande innspelinga av CAVE

DAHLSBAKKEN OM «CAVE»: Innspelinga av thrilleren «Cave» (2016) var svært krevjande for alle involverte. Her fortel Henrik Martin Dahlsbakken om opptaka djupt nede i ei hole. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Historiane først

For det er historiane han brenn for, historiane og karakterane som kjem innanfrå og som berre må ut. Men dei kjem ikkje lett til Dahlsbakken heller, om nokon skulle tru det. Hardt og nitidig arbeid ligg bak. Over mange år, kombinert med sporadiske studier i medievitenskap og ei rekkje strøjobbar som alt frå kinomaskinist til butikkekspeditør.

– Filmane er stort sett laga for knappar og glansbilder, seier Dahlsbakken.

For vi snakkar lavbudsjettsfilmar så langt. Ingen av spelefilmane hans har fått støtte frå Norsk Filminstitutt, som delar ut dei store filmpengane på vegne av staten. Filmane til Dahlsbakken er laga med oppsparte midler og støtte frå regionale filmfond. Særleg trekkjer han fram Østnorsk Filmsenter og det regionale filmfondet Filminvest3 som viktige støttespelarar.

– Men alle involverte har fått betalt, altså, seier regissøren. Alle så nær som meg.

Likevel har filmane hans vunne ei rekkje prisar, og «Cave» (2016) har opplevd ei eventyrleg interesse frå utlandet. Salet på visningsrettighetane har snart nådd 40 land, eit svært høgt tal for norske filmar.

– Folk trur jo at eg har ein rik onkel eller noko, seier Dahlsbakken, men det stemmer altså ikkje. Dei første spelefilmane er laga på kortfilmbudsjett og av pur idealisme.

Likevel meinar han at han har knekt ein kode som har ført han dit han er i dag. Den handlar om vennskap.

Vennegjengen frå Hamar

Henrik var sju eller åtte år gammal heime i Hamar. Han og ein kompis leika med videokameraet dei fekk låne av far til kompisen. Alt der vart ein kime sådd. Dei laga skrekkfilm og moroting, og koste seg gløgg i hjel. Gjennom heile barne- og ungdomsskulen var det å lage film noko Henrik dreiv med saman med kameratar, men enno var det berre ein leik.

Filmkameratar

FILMKAMERATAR: Henrik føl med på opptaka saman med B-foto og kamerat Kristian Skar Frøysaa.

Foto: arne sørenes / nrk

16 år gammal byrja han på medielinja på vidaregåande, og då tok det av for alvor. Han fordjupa seg i filmteori og laga film tidleg og seint. Det var altoppslukande, nesten som ein mani, og kortfilmane vart meir og meir seriøse.

Ein fast vennegjeng utgjorde kjernen i filmproduksjonen, og etter kvart vart også veslebror Oskar med. Framleis jobbar dei to brørne tett saman, og Oskar har etablert seg som fast filmfotograf for Henrik, i tillegg til fleire og fleire oppdrag for bransjen. Trass i sin unge alder har han fått strålande omtale for arbeidet sitt, ikkje minst i «Cave», der opptaka var svært krevjande, både fysisk og teknisk.

No har brørne etablert produksjonselskapet Filmbros saman, og driv dette i lag med fleire av kameratane frå ungdomstida på Hamar. Eit heilt avgjerande grep for å få gjennomført alle prosjekta, meinar Henrik:

– Vi er eit fast team som er trent på å jobbe saman, og som brenn for det vi held på med.

Bente Børsum i Sensommmer

SKUMMEL DAME: Bente Børsum i den psykologiske spenningsfilmen «Sensommer» (2016).

Foto: Another World Entertainment

At produksjonane går på lavbudsjett er normaltilstanden for denne gjengen. Derfor er det avgjerande at alle tar i eit tak på ting som catering, transport og rigging. Naudsynte ting som må gjerast, men som på større produksjonar ikkje nødvendigvis er oppgåva til fotografar og regissørar.

Også skodespelarane blir med på «dugnaden». Henrik trur dette handlar om at det kan opplevast som befriande, også for dei, å jobbe med unge og idealistiske filmfolk. Han fortel om då dei gjorde opptak i Frankrike til «Sensommer», og heile produksjonstaben i fleire veker budde i huset dei faktisk filma i. Også hovudrolleinnehaver Bente Børsum budde der. I det same rommet som karakteren i filmen brukte.

– Bente sov faktisk i senga som er med i filmen. Det er ikkje alle som hadde gått med på slike betingelsar.

Fimfotograf Oskar Dahlsbakken

FILMFOTOGRAFEN: Oskar Dahlsbakken har skutt sin fjerde spelefilm, 24 år gammal. Han jobbar som freelancer og har m.a vore kamera-assistent under innspelinga av tv-serien «Mammon»

Foto: Arne Sørenes / nrk

Draumen

«Rett vest» skal etter planen komme på kino i haust. Men denne filmen er sjølvsagt ikkje det einaste prosjektet som fyller dagane til Henrik Martin Dahlsbakken akkurat no. Innspelinga av neste film er alt så godt som avslutta. «De fredløse» handlar om to togranarar på 1920-talet, og kjem på kino i 2018. I tillegg er han midt i planlegginga av actionthrilleren «Cave 2»; oppfølgjaren som skal bli større enn orginalen:

– Den får litt breiare appell, og blir spektakulær. Det er ein guttunge i meg som vaknar når eg driv med desse filmane. Eg gler meg til å slå på stortromma og gå litt bananas.

Draumen for framtida er å få lage film utan avgrensingar som landegrenser, geografi og økonomi; om å ha meir pengar og tid til rådighet. Og Dahlsbakken håpar å få jobbe meir med andre sine prosjekt, lage filmar som andre har skrive manus til. Han har fleire slike prosjekt på trappene, utan at han vil seie så mykje om det enno.

– Eg har kome dit no at folk kjem til meg med idèar. Det er litt deilig, for det har vore litt einsamt å drive slik eg har gjort fram til no, der alt er basert på mine manus.

Håpet er å få drive i mange år med å lage film med Noreg som base. For Hollywood er ikkje nødvendigvis draumen for Henrik Martin Dahlsbakken. Til det er kontroll og kreativ frihet for viktig, og då er er ikkje Hollywood staden. I allefall ikkje før ein er, som han seier, «på et veldig høyt nivå».

– It´s a wrap

På benken

MENS VI VENTAR: Ingar Helge Gimle (t.v) og Benjamin Helstad har begge spela i mange av filmane til Henrik Martin Dahlsbakken.

Foto: arne sørenes / nrk

På Strandlykkja er snart siste scene unnagjort. Ine Jansen og Henrik Mestad kranglar framleis, og Henrik Dahlsbakken har snart fått det han vil ha.

– Vi har det nå, nesten. Skal vi prøve berre ei tagning til...?

Ingar Helge Gimle smiler under dameparykken når han ser på den unge regissøren:

– Han fyren der kjem vi til å sjå mykje til, ja, seier han. Filmskulen har han tatt på sin eigen måte, og eg har ei god kjensle av at han har eit langt og godt filmliv framfor seg.

For film er verkeleg utruleg viktig for den unge mannen som kom til verda på Hamar som Henrik Dahlsbakken. Berre det. Namnet MARTIN fekk han nemleg først som 18-åring, som ei gåve til seg sjølv på myndighetsdagen.

Han ville jo heite det same som sin største filmhelt; Martin Scorsese!

Ine i speilet

«RETT VEST»: Filmen kjem på kino hausten 2017. Ine Jansen spelar ei av mange karakterar som dukkar opp under motorsykkelturen til Ona Fyr.

Foto: arne sørenes / nrk