Gjorde skam på skamma

FINNSKOGEN (NRK): Han voks opp med skamma over å vere skogfinne. Ny teknologi skulle gjere han stoltare enn nokon gong før.

– Vi har ikkje vore bra nok. Samar, finnar og taterar, vi har vore same ulla og vi har ikkje blitt akseptert, seier Jan Storberget og foldar hendene rundt kaffikoppen.

Djupt inne i Finnskogen ligg Hytjanstorpet. Ein av dei siste buplassane for skogfinnar som ligg slik den har gjort i fleire hundre år. Eit folkeslag som var sett ned på frå den dagen dei kryssa grensa frå Sverige og som nordmenn og norske myndigheiter trakka på og fornorska.

– Det er utruleg at dei klarte seg, seier Jan.

Sjølv voks han opp i ei tid der det å vere noko anna enn norsk var uglesett. Dei blei nekta å snakke og skrive det skogfinske språket. Måtane dei hadde levd på sidan innvandringa på 1600-talet blei sett på som av lågare rang. Først i 1998 blei skogfinnane offisielt godtatt som ein kulturell minoritet i Noreg.

– Vi snakka ikkje om det. Då eg kom til Oslo så nemnde vi ikkje kvar vi kom frå. Folk meinte at der vi kom frå var det berre heimebrent og slåsting. Det var det dei sette oss i samband med, seier Jan Storberget på ei tindrande klar finnskogdialekt.

I motsetnad til mange andre frå Finnskogen valde Storberget å halde på dialekta og flytte heim for å overta det einbølte bruket djupt inne i skogen på 80-talet.

Så ein dag fekk han besøk av ein mann som kunne gje han det endelege svaret på kor finsk han faktisk er og kva moderne teknologi kunne fortelje han om opphavet sitt. I bagen hadde mannen med seg ein gentest.

– Han spurte om eg var interessert, for det var fleire som hadde tatt denne gentesten. Så då blei det til det at eg gjorde det. Det var veldig lettvint det, ein tannbørste i den eine kjaken og ein i den andre.

Det skulle ta tid før han fekk svaret han lengta etter.

Det var veldig lettvint det, ein tannbørste i den eine kjaken og ein i den andre.

Jan Storberget

Gir deg full oversikt

På verdsbasis var det i fjor kring sju millionar menneske som avla ein gentest og her i landet blir det meir og meir vanleg at privatpersonar bestiller slike testar, særleg på nett.

– Det ikkje alle er klar over er moglegheita til å sjå slekt i eit veldig langt perspektiv når ein tar ein test. Det finst ulike testar og ein av testane du kan ta når det gjeld DNA og slekt er at du får opp eit kart over kvar du har genetisk slekt i Europa, i USA eller andre kantar av verda, fortel Tone Moseid.

Ho er bibliotekar av yrke og svært engasjert i det norske slektsforskingsmiljøet. Ho trur at det å bruke DNA-teknologien også kan gje meir og viktig kunnskap, ikkje berre for kvar einskild, men også for alle menneske. Særleg når ein kan dra dei lange linjene fleire titusen år tilbake.

– Det gir heilt nye perspektiv når det gjeld folkevandringar og det utfordrar oss på det urnorske og kunnskap om at vi ikkje er så heilnorske som kanskje trur. Eg trur dette med slektsgransking har noko å gjere med dei grunnleggjande spørsmåla vi menneske stiller oss. Kven er eg og kvar kjem eg frå?

Du kan som enkeltindivid få nokon overraskingar som kanskje kan vere ubehagelege

Truls Petersen

Stadig fleire tek test

Men er det slik at det er utelukkande positivt at moderne teknologi gjer det enkelt for oss alle å finne ut alt om kvar vi kjem frå? Nei, meiner seniorrådgjevar Truls Petersen i Bioteknologirådet. Han peikar på at testane også kan gje deg svar du ikkje naudsynleg ønskjer.

– Du kan til dømes få vite at du er så og så mykje viking, slik dei fleste av oss er. Du kan som enkeltindivid få nokon overraskingar som kanskje kan vere ubehagelege, seier Petersen og brukar farskap som døme.

I 2003 klarte forskarane første gangen å kartleggje alle byggjesteinane i eit gjennomsnittleg menneske, det såkalla genomet. Det blir stadig billegare og meir populært å ta testar som klarlegg alle genane dine.

– Men forskarane kan ikkje i dag seie kva alle genvariantane betyr. Då må du vere budd på at det tikkar inn svar seinare. Du må også vere budd på at testen kan seie noko om ulemper og sjukdom, seier Petersen.

Vi har ikkje vore bra nok. Samar, finnar og taterar, vi har vore same ulla og vi har ikkje blitt akseptert

Stor industri i USA

Det er i dag ingen reguleringar i lovverket for kva ein som privatperson kan kjøpe og bruke av gentestar. Særleg i USA har dette dei siste åra blitt «big business» og på nett finn ein ei rekkje verksemder som tilbyr dette.

– Vi må også vere merksame på kva dei ulike verksemdene gjer med alle data dei samlar inn, meiner seniorrådgjevaren.

Den vanlege slektsforskinga har møtt mange skjær i sjøen når slektstre skulle teiknast. Kyrkjebøkene blei aldri fullstendige for skogfinnane.

Prestane sette først ein stoppar for at det finske språket skulle brukast i daglegtalen og slektsnamn og personnamn blei fornorska i bøkene som skulle kunne fortelje oss mest om fortida. Det førte igjen til mange feil. At ungane fekk juling av lærarane om dei snakka finsk, gjorde ikkje saka særleg betre.

Enklare å overleve

– Både mine foreldre og besteforeldre hadde skogfinsk opphav. Det var aldri nokon som snakka med meg om det. Det var ei ubevisst handling i høve det som låg i fortida, at det var ein forsvarsmekanisme. Det var enklare å overleve og kome seg opp og fram om ein ikkje fortalde at ein var skogfinsk, fortel Storberget.

Kva som skjedde teknisk med DNA-prøvene og opplysningane Jan Storberget på Finnskogen leverte frå seg, er han ikkje så oppteken av. Men svaret dei kunne gje om skogfinnane og si eiga historie var noko han lengta etter.

På Hytjanstorpet kjem det stadig besøk, ikkje minst om sommaren. Folk av i dag vil sjå på nært hald korleis skogfinnane levde og korleis Jan klarar å halde ein slik stad i hevd. Fleire og fleire kjem til han og fortel om ei stoltheit over å ha finneslekt.

– Dei kjem hit og stiller mange spørsmål om korleis eg driv her og kvifor eg driv slik på gamlemåten. Det likar eg, seier Jan og smiler.

Det har gått ei god stund sidan han tok gentesten som skulle fortelje han sanninga om kor mykje skogfinne han faktisk er. Men ein dag ringer telefonen på Hytjanstorpet. Jan må setje seg ned når han får beskjeden.

Genprøven han tok er heilt sikker og syner det kyrkjebøkene aldri kunne gitt det sikre svaret på.

– 100 prosent finsk! Det var det han sa til meg han som ringde. Dei meiner no at eg er den einaste i Noreg som kan spore heile slekta mi tilbake til dei første innvandrarane som kom frå Finland. Tenk det.

Hytjanstorpet ligg djupt inne i Finnskogen og er eit av få attverande finnetorp i Noreg.