Stølen

SINDERSTØLEN: Seterhuset vart pussa opp i 2011 med støtte frå Kulturminnefondet.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

– Trendy å ta vare på historia

NORD-AURDAL (NRK): Aldri har interessa vore større for å ta vare på kulturminne i Noreg.

Det knirkar i døra når eigar Harald Volden visar veg inn i seterhuset på Sinderstølen.

Huset, som kallast sel, er delt inn i ei stovedel med ein liten kjøkkenkrok og eit mindre rom med to soveplassar. Seterhuset ligg tett ved fylkesveg 51 – forbindelsen mellom Valdres og Hallingdal, og vart pussa opp i 2013.

Soveplass inne

SOVEPLASS: Seterhuset på Sinderstølen har to soveplassar.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

– Eg har prøvd å gjere det så nære originalen som mogleg, seier Volden lågmælt.

No er det fjøset som skal byggast opp att på stølen. Fjøset som kvart år brukast for mjølkekyrne til Volden.

Laster innhold, vennligst vent..

Fleire vil ta vare på kulturminne

Dei seinaste åra har interessa auka betrakteleg for å ta vare på kulturminne, slik som seterhuset på Sinderstølen i Valdres. Kulturminnefondet, som deler ut støtte til prosjekt, har aldri fått fleire søknader enn i år. 1391 søknader har kome inn i 2017.

Med kulturminne meinast alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, av dette lokalitetar det knyttar historiske hendingar, tru eller tradisjon til

Kulturminnelova

– Det er stadig aukande interesse for å setje i stand kulturminne. Interessa for gamle bygningar, gamle båtar, fartøy og andre kulturminne er i sterk vekst, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Simen Bjørgen

TRENDY: Direktøren i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen trur det har blitt trendy å ta vare på kulturminne.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Fondet har delt ut nesten 100 millionar kronar i 2017, det er ei auke på 34 prosent berre det siste året.

– Eg trur det har blitt meir trendy å ta vare på historia. Det blir meir og meir fokus på historia og kulturarven vår i den tida som vi lever i, seier Bjørgen.

Eit fjøs i bruk

Volden går langsamt over tunet på stølen. Han visar fram arbeidet som er i gang med å setje fjøset på stølen i stand att.

Harald Volden

LÅGT UNDER TAKET: Her står Harald Volden utanfor fjøset som no er rive ned. Neste sommar skal eit nytt fjøs vere klart.

Foto: Privat

Tømmerstokkane ligg klare for bygge opp att fjøset som vart rive for berre nokre veker sidan. Dei skal lafte veggane og gjere fjøset så likt originalen som mogleg.

Og fjøset har ein viktig plass på denne stølen. For her brukar dei fjøset framleis som mjølkeplass på somrane.

– Det har vore mjølkekyr her heile tida, og eg har meint eg skulle halde på i nokre år til, seier Volden.

Kuer i fjøset på Stølen

I DRIFT: Kyrne var på plass på Sinderstølen i Nord-Aurdal i sommar. Neste år har dei eit nytt fjøs å bli mjølka i.

Foto: Privat

Få setrer i bruk

Men sjølv om interessa og engasjementet rundt setrer er aukande, er bruken av setrene på sterk retur.

I Noreg har setrene ein sterk historisk posisjon, på slutten av 1800-talet meiner ein at det var rundt 100 000 setrer i bruk i landet.

No er det, ifølge ein rapport frå Norsk Institutt for Bioøkonomi, om lag 900 setrer som framleis blir brukt til tradisjonell seterdrift.

Men bygningane på setrene trenger ikkje å døy sjølv om seterdrifta blir avvikla. Ifølge rapporten utgjer fritidsbruk nær 60 prosent av aktivitetane på setrene. Turisme utgjer òg ein del av dagens aktivitet på setrene.

– Viktig å ta vare på kulturen

Katharina Sparstad er busett i Valdres, og er sekretær Norsk seterkultur, og meiner ikkje så overraskande at det er viktig å ta vare på kulturen.

– Valdres er den regionen i Nord-Europa med flest setrer i drift. Så vi har eit spesielt ansvar knytt til å ta vare på og vidareutvikle seterdrifta i Europa, seier Sparstad.

Seterdrifta seier mykje om norsk historie, og det er ein av grunnane til at Sparstad ikkje vil sjå setrene rotne ned.

– Det er ei driftsform som har fleire hundre, kanskje tusen år historie. Ho fortel noko om livsgrunnlaget i Noreg, og spesielt i fjell-Noreg. Korleis menneska har tilpassa seg naturforholda som er her og skapa seg eit liv her, seier Sparstad.

Kalven seter før og etter

RESTAURERING: Kalven seter i Vågå er ei anna seter som har vorte pussa opp dei seinare åra. I sommar var setra ferdig restaurert.

Foto: Arkiv / Ole Martin Sponberg / NRK

Odd Arne Rudi er bygningsvernrådgjevar i Valdres, og arbeidar tett mot restaureringsprosjekta i regionen. Han synest det er noko spesielt med Valdres og setrer.

– Det er viktig å fortelje og vise fram den historia og ha respekt for det som forfedrane våre har bygd opp, seier Rudi.

Odd Arne Rudi

HISTORISK: Odd Arne Rudi er bygningsvernrådgjevar i Valdres, han meiner at det å ta hand om slike bygningar er å vise respekt for forfedrane våre.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Han ser at det er dei husa folk ser dei kan få bruk for, som folk vel å pusse opp.

– Naturleg nok er det hus ein kan ha bruk for i sitt daglege liv i dag. Det kan vere eit seterhus som kan brukast som ein ferieplass til eksempel. Dei mindre husa som ein ikkje har bruk for i dag blir gjerne ståande og forfell, seier Rudi.

Han er samstundes bekymra for kor lenge det finns nokon som har kunnskapen til å setje i stand slike bygningar.

– Den største utfordringa er å få tak i gode handverkarar som både kan og vil drive med restaurering, som har auge for det og som har vilje til gjere litt uortodokse ting.

Nytt håp for setrene

På Sinderstølen hos Harald Volden er det full drift, slik som det har vore i genrasjonane tidlegare, og i Valdres er det framleis dyr som får beite ved dei historiske stølane.

Men Katharina Sparstad trur òg at det finns interesse og engasjement for seterdrift i framtida.

– Eg synest eg kan sjå at det er ein del unge som synest det er spennande med den måten å drive landbruk på. Så eg er i kontakt med fleire som er interessert, seier Sparstad.

Sparstad trur ting som berekraft, dyrevelferd og matkvalitet kan få unge til å bli lokka til den type landbruk.

– Slik kan dei til dømes produsere produkt som dei kan ta ein høgare pris for, og på den måten skape verdiar.

At setrene kan få nye liv er gode nyheiter for Ola Harald Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeninga.

– Vi er opptekne av at ein tek vare på mangfaldet av bygningar på stølane. I tillegg er det viktig at kulturlandskapet blir haldt ved like. Dei representerer noko heilt unikt, noko av det meir særprega vi har her i landet. Seterlandskapet representerer flotte ressursar, både for landbruket, for artsmangfaldet og for friluftslivet, seier Fjeldheim.

Ola Harald Fjeldheim

UNIKT: Generalsekretær i Fortidsminneforeninga, Ola Harald Fjeldheim meiner bygningane på setrene representerer noko heilt unikt.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Han meiner at det er viktig at det framleis blir brukt beitedyr i slike område.

– Det er viktig for å ta vare på heilskapen i seterlandskapet.

Innlandet og Trøndelag på topp

Ein av grunnane til at mange meiner det er bra og viktig at fleire kulturminne blir pussa opp, er at mange kulturminne har forsvunne dei seinare åra.

Ifølge Kulturminnefondet forsvinn to og ein halv prosent av kulturminna i landet kvart år.

Men Sinderstølen er blant kulturminna som ikkje kjem på statistikken over forsvunne kulturminne. For seterhuset på stølen har vore eitt av over 4000 prosjekt som har fått økonomisk støtte frå Kulturminnefondet til å restaurere.

Det er i fylka Oppland, Sør-Trøndelag, Hedmark og Nordland kor det har vore flest prosjekt. Men Kulturminnefondet har jobba med å fordele prosjekta utover landet.

Må vere ferdig til sankthans

Det er mykje att av oppbygginga av fjøset på Sinderstølen, så Harald har ikkje altfor mykje tid på seg for å bli ferdig.

– Det må vere ferdig til vi kjem attende på stølen til sankthans neste år.

– Så vi satsar på ein lang haust og ein fin vår, ler Volden.

Laster innhold, vennligst vent..