Hopp til innhold

Vivian seier ho mista 16 år på grunn av feilmedisinering

Ho meiner ho vart feilbehandla ved psykiatrisk institusjon. No håpar ho at andre slepp å gå gjennom det same.

Vivian Haugen profil

HUGSAR LITE: Vivian Haugen var inn og ut av Reinsvoll i 16 år. medisinane gjer at det er mykje ho ikkje hugsar.

Foto: ÅSMUND GRINI / NRK

For over 20 år sidan vart Vivian Haugen frivillig lagt inn for psykiatrisk behandling på Reinsvoll psykiatriske sjukehus. Der vart det mange år med behandling og ho vart gitt antipsykotisk medisin.

– I starten fekk eg fleire antipsykotika samtidig, og forsvann inn i mi eiga verd. Eg vart ein zombie.

Det heile starta med at ho gjekk på ein skikkeleg smell, og byrja å skade seg sjølv. Vivian var i utgangspunktet positiv til behandlinga ho skulle få.

– Eg ville ikkje vere dårleg, eg ville ha hjelp. Dersom eg hadde sagt nei til det ville dei 16 åra gått bra. Det var då det starta, eit skikkeleg helvete, seier Vivian.

– Hugsar lite

I dag er ho sikker på at ho var djupt deprimert, med nokre vrangførestillingar. Men ho meiner behandlinga ho fekk etter ho vart innlagt ikkje hjelpte.

Ho vart lagt inn på Reinsvoll i 2000, og hadde både kortare lengre opphald der fram til 2016. Då ho ikkje var der, vart ho først følgt opp av fastlegen og heimesjukepleia, før ho seinare flytta inn på Røysumtunet, ein privat institusjon i Gran.

Ho var ute av stand til å arbeide, måtte få verje, og foreldra overtok omsorga for barna. Denne tida hugsar ho lite av, seier ho.

Vivian Haugen med papirer

PAPIRA PÅ PLASS: Vivian har, saman med advokaten sin, sørga for at ho skal få erstatning for behandlinga.

Foto: ÅSMUND GRINI / NRK

Dei siste fem åra av denne perioden brukte ho på å venje av dei sterke medisinane ho hadde teke. Ifølge henne var det først då noko av normalen kom tilbake. Diagnosar ho hadde fått, blant anna schizofreni, vart stryke.

I 2017 søkte ho om erstatning.

Ifølge ein overlege ved Reinsvoll, er ein meir varsam i dag, med å halde fram med medisin om ein ser det ikkje funkar.

  • Tidlegare i fjor var det ei anna hending ved Reinsvoll:

Delvis erstatning

Dei siste åra har det blitt sendt mellom 300 til 400 søknadar til Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) innan psykiatri. Det er ikkje mange som får medhald. I 2019 fekk 39 erstatning, i 2020 var det 40.

Vivian Haugen var ei av dei.

– For at retten til erstatning utløysast, er hovudregelen at det må ha vore svikt i behandlinga og at denne svikta har ført til skade på pasienten, seier Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør i NPE.

Anne-Mette Gulaker, avdelingsdirektør i NPE Norsk Pasientskadeerstatning

SKADE MÅ HA FØRT TIL TAP: For å få erstatning må du kunne vise at skada du har fått gjorde at du tapte pengar.

Foto: NPE

Skada må ha ført til tap over 10 000 kroner.

NPE vurderte saka til Vivian. Dei meiner ei betre utgreiing av henne ville ført til ei meir dekkande diagnose og meir målretta behandling, både med omsyn til medisinering og annan terapi.

Vivian fekk stadfesta at ho har krav på 1,6 millionar kroner. At ho ikkje kunne arbeide i over 16 år i løpet av denne behandlinga blir foreløpig ikkje erstatta, men ho planlegg å ta saka vidare.

Annleis i dag

Morten Juell er avdelingsoverlege på avdeling for akutt psykiatri og psykosebehandling på Reinsvoll. Han kjenner til saka til Vivian Haugen, men vil ikkje kommentere på denne enkeltsaka.

Han seier likevel at i lys av denne saka og andre er nok haldninga til bruk av medisinar i slike saker er blitt forandra i løpet av dei siste 10–15 åra.

Når medisinane ikkje verkar, er ein meir skjerpa med å seponere det, stoppe det og finne alternativ. Det har Reinsvoll gjort i mange år. Vi har nok i lys av denne saka og andre tatt innover oss og skjerpa det at ein revurderer medisinar når dei ikkje har fungert.

Ifølge Juell er det ein ressurskrevjande prosess å stoppe behandling med slike medisinar. Dei siste åra har dei blitt meir kritiske til å halde fram med medisinering når dei ser at det ikkje funkar for pasienten.

Sidan Vivian fekk medhald av NPE er dette ei av sakene dei må sjå på. Dette arbeidet er blant anna ein del av sjukehusa sine interne kvalitetsutval for å sikre tryggleiken til pasientar.

At Vivian har fått erstatning, kan det bety at det stemmer at ho vart feilbehandla?

Eg har ingen innvendingar mot konklusjonen til NPE, seier Juell, og legg til at han er glad pasienten har det betre i dag.

Og på spørsmål om psykiatriske tilbod burde blitt sentralisert, seier han at psykiatriske avdelingar som er knytt til somatiske avdelingar heller ikkje er så store. Han meiner difor det ikkje det er eit sentralt moment i saka.

Vivian Haugen hadde fleire forskjellige behandlande legar i løpet av desse 16 åra, og det er ikkje ein enkeltperson som er ansvarleg for heile behandlingsløpet.

Kommunikasjonsrådgjevar for Sykehuset Innlandet, Line Fuglehaug, skriv i ein e-post til NRK at NPE si behandling av slike saker er viktig.

– Alle saker der det blir avdekka svikt i behandling av ulike grunnar blir gått gjennom nøye, skriv ho.

Vil ha eit sentralisert tilbod

Haugen seier åra prega henne. Ho håpar andre skal sleppe og gå gjennom det same.

Det har lenge vore ein debatt rundt sjukehusstrukturen i Innlandet, spesielt om dei mindre sjukehusa skal leggjast ned. Reinsvoll er eitt av dei som kan bli nedlagt, og har vore eit psykiatrisk sjukehus i over 100 år.

Haugen meiner sjølv at det bør leggjast ned. Ho vil heller ha eit meir sentralisert psykiatrisk tilbod.

– Det er vanskeleg å seie kva som hadde skjedd dersom eg vart behandla på eit større sjukehus, men då trur eg det ville vore fleire folk med meir kompetanse.

Trur du dei erfaringane du har frå fem-seks år sidan enno er relevante?

– Absolutt. Eg har vore i kontakt med andre som har vore same situasjon, også andre stader i landet, så det gjeld ikkje berre Reinsvoll.

Men det har blitt lagt ned fleire sengeplassar siste åra, bør ein ikkje behalde dei som er att?

– Eg meiner vi må ha nytenking i psykiatrien. Veldig ofte er det overlapp til somatikken, for eksempel ved sjølvskading, og då tenker eg det er fint med ei meir sentralisert teneste der ein kan få eit samla tilbod.

  • Sjukehusdebatten i Innlandet har gått føre seg i lang tid, og det er enno ikkje sikkert korleis det blir:

Kan føre til mindre psykiatrifokus

Svein Haugsgjerd er psykiater, tidlegare overlege ved Gaustad Sykehus og ein av dei som tok initiativet til «Nasjonal aksjon for bevaring og utvikling av de psykiatriske sjukehusa».

Han meiner at det har blitt større fokus på effektivisering i psykiatrien, med mindre av dei nødvendige ressursane ved lokale behandlingstilbod, etter helseføretaksreforma som vart sett i gang frå 2002.

Svein Haugsgjerd, psykiater, tidlegare overlege ved Gaustad Sykehus

NØDVENDIGE RESSURSAR: Haugsgjerd er skeptisk til at psykiatrien skal effektiviserast, og meiner det då er fare for at folk ikkje får den hjelpa dei treng.

Foto: Marxist Forlag

– Å samle psykiatri under større sjukehus gjer at fagfeltet blir meir innlemma i somatiske behandlingstilbod. Erfaringsmessig blir det større fokus på å få ned døgnbehandlingsplassar, seier han.

Han er oppteken av at psykiatrien er eit eige fagfelt, og vil heller ha fokus på den større regionale kompetansen som kan byggjast opp. Då kan ein sørgje for å heve kompetansen ved mindre sjukehus, meiner han.

Vil hjelpe andre

Sjølv om ho har mange dårlege minner frå Reinsvoll, er Haugen likevel takksam til ein av legane som arbeidde der. Han tok seg tid til å gå gjennom journalen hennar og nøste opp i feilmedisinering og diagnosar.

Etter kvart som ho trappe ned med medisinar vende kjenslelivet tilbake.

– Utan han hadde eg ikkje stått her i dag.

Legen ønskte ikkje å stille til intervju.

Vivian Haugen på Reinsvoll sett nedanfrå

VIL HJELPE FOLK: Vivian har det mykje betre i dag, og har planar for livet framover.

Foto: ÅSMUND GRINI / NRK

I dag går ikkje Vivian på nokon psykiatriske medisinar. Ho er delvis ufør på grunn av ei skade ho fekk på eine handa ved eit av opphalda på Reinsvoll. Likevel arbeider ho og studerer psykisk helse og rusarbeid.

– Eg trur eg har litt andre fagbriller på enn folk som ikkje har vore pasient.

Med dei erfaringane håpar ho å kunne hjelpe folk.

Hei!