Hopp til innhold

Påskestemning i fjellet: Dei som startar vinterferien no blir vinnarane

Meteorologane seier det er Austlandet som får skikkeleg vårstemning no.

sjusjøen-sol-vær

KOS: Tone Melgård og sonen hennar nyt finvêret.

Foto: Åsmund Grini / NRK

– I dag er det heilt strålande. Veldig påskestemning eigentleg. Mildt og fint og supert føre, seier Tone Melgård.

Ho og sonen er på Sjusjøen i vinterferien. Dei nyt sola i skisporet. Det er mildt også i fjellet, og klister som gjeld.

– Eg har ikkje smurt skia sjølv, men trur det er universal av noko slag. Det er i alle fall klister, seier Melgård.

Sjusjøen

SKI: Fleire nyttar tida til å stå på ski i sola.

Foto: Åsmund Grini / NRK

Påskestemning på Austlandet

No står vinterferien for tur for Buskerud i Viken, Hordaland i Vestland, Innlandet, Rogaland og Nordland.

Sjusjøen

SOL: Austlandet får varmt vêr.

Foto: Åsmund Grini / NRK

Dei som bur desse plassane blir truleg vinnarane av det beste vinterferievêret i år. I alle fall på Austlandet.

– Det blir mykje fint vêr på Austlandet. Også ein del fint vêr i sørlege delar av fjellet og også fjellet inn mot svenskegrensa. Men Jotunheimen og rundt Dovre er det litt meir skya og periodar med snø i dag, seier Hanne Beate Skattør, som er meteorolog.

Laster Twitter-innhold

I Trøndelag og Nord-Noreg blir det vått og vindfullt.

– Det kjem ned eit lågtrykk i løpet av morgondagen som har ein del nedbør. Så får vi ei ny runde på søndagen og måndag. Så det blir våte og vindfulle dagar nord i landet, seier Skattør.

Ti plussgrader i Arendal i februar

I Arendal har det vore 10 plussgrader.

Bente Fyksen koser seg i sola

Bente Fyksen kosar seg i sola på Sjusjøen i Ringsaker.

Tara på sjusjøen

Tara på tur i sola på Sjusjøen.

Sandane på Nordfjord

Vårstemning på Sandane i Vestland.

Sjusjøen

Mange har teke turen til fjells i finveret.

Milde temperaturar

Det er vårlege temperaturar fleire plassar no. Og mange plassar er nok skisesongen på hell.

– I låglandet vil det smelte dei næraste dagane. Men kjem du opp på fjellet vil snøen ligge, men det blir milde temperaturar der og, seier meteorologen.

Sjusjøen

PÅSKEKJENSLE: Med sol og snø minner dette kanskje meir om påske enn om vinterferie.

Foto: Åsmund Grini / NRK

Også i fjellet er det mildvêr, men det kan bli vind.

– Frå laurdag ettermiddag blir det meir vind som kan komme opp i liten storm, men roar seg søndag ettermiddag, seier Skattør.

Ho er klar på kor ein bør legge vinterferien akkurat i år, om den ikkje allereie er planlagt.

– Viss du har lyst på sol og vårkjensle ville eg lagt den på Austlandet i låglandet. Det kan også bli fint på fjellet, men der er det litt meir skyar.

Laster Twitter-innhold

Flere saker fra Innlandet