Hopp til innhold

VINSTRA-DRAPET: Sikta 16-åring ville ikkje forklare seg likevel

Politiet har framleis ikkje gjennomført formelt avhøyr av 16-åringen som er sikta for drap på ei jamgamal jente.

Knivstikking og drap på Vinstra

16-åringen som er sikta for drap på Vinstra, ville ikkje forklare seg måndag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Han hadde moglegheit til å gi si forklaring i går, men han ville ikkje forklare seg, seier politiadvokat Stine Rigmor Grimstad til NRK.

Det kjem etter at det i helga vart varsla at avhøyret kom til å finne stad i starten av denne veka.

Det betyr at politiet framleis ikkje har gjennomført eit formelt avhøyr av den sikta 16-åringen.

– Det er for tidleg å konkludere om dette skal ha noko betydning. Det er ynskjeleg frå politiets side at han forklarer seg. Generelt sett så vil det hjelpe politiets arbeid om han forklarer seg. Det er difor vi har noko som heiter strafferabatt.

Grimstad fortel at den sikta 16-åringen har gjeve signal på at han kjem til å forklare seg seinare.

– Vi skal ha kontakt med forsvarar og sikta om det. Det vil bli gjort nye forsøk på det i nær framtid, utan eg vil datofeste det no.

16-åringens forsvarar, Nora Hallén, bekrefter at 16-åringen vil forklare seg på eit seinare tidspunkt.

– Han har bekrefta til politiet at han vil forklare seg, men han var ikkje klar for det på mandag. Vi er framleis i ein dialog med politiet om avhøyr, seier Hallén.

Knivstikking og drap på Vinstra

Politiadvokat Stine Rigmor Grimstad

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Mange vitne

Det har vorte gjennomført mange vitneavhøyr i saka. Politiadvokaten kan ikkje seie eit eksakt tal på kor mange som har vorte avhøyrt.

– Det ligg ein plass mellom 40 og 50 på noverande tidspunkt, men eg har ikkje noko eksakt tal.

Den sikta 16-åringen sit varetektsfengsla i ein institusjon via kriminalomsorga som er tilrettelagt for mindreårige personar som har gjort alvorleg kriminalitet.

Han vart begjært varetektsfengsla i to veker den 2. november. Ei ny begjæring vil eventuelt kome i slutten av denne veka.

Motiv

Grimstad vil framleis ikkje seie noko om kva dei meiner er motivet for knivdrapet på den 16 år gamle jenta 31. oktober.

– Det er altfor tidleg å seie noko om motivet. Der skal vi etterforske breitt, og det er vi i full gang med. Det er det vi bruker mest tid på no.

Vinstra Kirke

Den drepne jenta blir gravlagd onsdag.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Flere saker fra Innlandet